JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Autoritære statar er ute etter å påverke det offentlege ordskiftet i Noreg. Samstundes har vi ikkje noko sentralt organ med ansvar for å hindre det.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjon: Rod Sanford / AP / NTB / Dag og Tid

5776
20240524
5776
20240524

Denne veka er Sverige­demokraterna, som er støtteparti for den sittande svenske regjeringa, og det nest største partiet i Riksdagen, i søkelyset på grunn av det partiets eiga informasjonsavdeling omtalte som ein trollfabrikk. TV4-programmet Kalla fakta avslørte at presseavdelinga til Sverigedemokraterna har drive omfattande og systematisk bruk av falske profilar i sosiale medium.

Partiet skal ha drive 23 kontoar på TikTok, Facebook, Instagram og YouTube under falskt namn. Desse kontoane hadde til saman 260.000 følgjarar, og innlegga som er blitt lagde ut derifrå, har til no hatt 27 millionar visningar. Då saka vart kjend, var svaret frå partileiar Jimmie Åkesson at pressa haussa opp saka, og at det på ingen måte hadde hendt noko han såg grunn til å ta avstand frå.

Så langt har ingen hevda at partiet har brote svensk lov. Det har heller ikkje blitt fremma påstandar om at det har vore utanlandsk medverknad i Sverigedemokraternas trollfabrikk. Men måten partiet har operert på, er eigna til å gjere stor skade på det offentlege ordskiftet, og til å gjere grøfta mellom dei som lar seg opprøre av avsløringane og dei som ikkje gjer det, djupare enn før.

Oligarkpengar

Det er godt kjent at både russisk og kinesisk etterretning har sterk interesse av å påverke det offentlege ordskiftet i Europa, og at begge er aktive med å gjere nettopp dette et i forkant av europaparlamentsvalet 6.–9. juni.

«Russisk etterretning har ei spesiell interesse for ytre høgre.»

I april avslørte tsjekkisk etterretning det dei hevdar er ein storskala russisk påverknadskampanje. I sentrum stod nettavisa Voice of Europe, som skreiv om europeisk politikk og hadde base i Praha. Voice of Europe følgde den vanlege redaksjonelle profilen for russisk-kontrollerte nettmedium: Regulære nyhendesaker, som gir eit skin av normalitet, vart publiserte side om side med desinformasjon og propaganda. Nettstaden var knytt til den ukrainske oligarken Viktor Medvedtsjuk, som er ein sterk støttespelar for Putin, og som sidan 2022 har levd i eksil i Moskva.

Belgisk politi har sett i gang etterforsking av EU-parlamentarikarar frå seks ulike land for å ha tatt imot pengar frå Voice of Europe. Blant dei finst namn som Maximilian Krah, Petr Bystron og Marcel de Graaff, som alle representerer ytre høgre-parti.

Stemma frå Moskva

Russisk etterretning har ei spesiell interesse for ytre høgre. Det er det fleire grunnar til. For tida opererer dei med verdsbilete som er svært kompatible. Dei finn saman i ønsket om ein autoritær stat med ein sterk leiar, eit konservativt syn på kvinner og familie og skarp kritikk av EU, Vesten og USA. Begge omtaler liberale demokrati som ein fiasko og hamrar laus på grøn politikk og på økonomiske sanksjonar mot Russland.

Slike synspunkt er svært populære innanfor eit visst segment av europeiske veljarar og ekstremt upopulære blant andre. Og det er også ein grunn til at russisk etterretning er særleg interessert i ytre høgre. Dei set fyr på samfunnsdebatten og skaper djupe konfliktar.

Ansvaret

Dag og Tid skreiv nyleg om den nye svenske Myndigheten för psykologiskt försvar. Myndeorganet vart oppretta i 2022 og har som oppgåve å avsløre utanlandske påverknadskampanjar og styrke svensk forsvarsvilje. I Noreg er både PST og E-tenesta einige om at det er svært sannsynleg at Noreg er eit mål for både russisk og kinesisk etterretning.

Spørsmålet er om operasjonane blir oppdaga. I den nemnde Dag og Tid-saka vart det gjort eit poeng av at Noreg førebels ikkje har eit nasjonalt organ med overordna ansvar for dette feltet i Noreg. Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) har på oppdrag for Kommunal- og distriktsdepartementet granska både stortingsvalet i 2021 og lokalvalet i 2023 for spor etter utanlandsk påverknad. Begge gongene konkluderte FFI-forskarane med at verken russiske eller kinesiske aktørar viste stor interesse for Noreg.

Det einaste dei fann, var at artiklar frå russiske og kinesiske kjelder vart spreidde i sosiale medium, frå kontoane til autentiske norske borgarar. For tida behandlar Stortinget eit lovforslag frå regjeringa som gjer det straffbart å bidra i påverknadsoperasjonar på vegner av utanlandsk etterretning, så det ser ut til at det er fleire som er usikre på om desse rapportane gir eit dekkande bilete av situasjonen.

Infokrig

EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen har gjort kamp mot utanlandsk påverknad til ei hovudsak i sin valkampanje. Ho gjer det med ein patos og ein retorikk som sender tankane til den kalde krigen. «Vil vi ha eit sterkt Europa som kjempar for våre verdiar og vårt demokrati? Eller vil vi heller la demokratia våre bli kidnappa av nikkedokker for autoritære krefter», spurde ho nyleg i ein tale.

I kampen mot russisk og kinesisk desinformasjon kan ho stø seg på den nye Digital Services Act, som gir EU høve til å skrive ut bøter til selskap som Meta og TikTok om dei ikkje modererer innhald EU reknar som propagandaverksemd. EU vedtok også sist veke eit forbod mot fire russiske medium som dei kategoriserer som russiske propagandainstrument.

Partia heilt ytst på høgre fløy ligg an til å gjere brakval i heile Europa. Med eller utan russisk påverknad veit dei kva som skal til for å spore politisk debatt over i sinne, mistru og harde skuldingar. Det er eit politisk problem for Europa, og eit tryggingsproblem i dei tilfella der politikarane er styrte av framande statar. Det spørst om ikkje akkurat no er tidspunktet for å avklare nett kven som har ansvar for å koordinere arbeidet for å hindre og førebygge denne typen verksemd i Noreg.

Astrid Sverresdotter Dypvik er redaktør i Syn og Segn og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis