JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Autismeforsking utan svar

Om talet på barn med autisme i Noreg faktisk aukar sterkt, kan ikkje autismeforskinga forklare det.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Datateknologi som nettbrett blir ofte framheva som eit nyttig hjelpemiddel for barn med autisme. Men kan skjermbruk i dei første leveåra òg medverke til at barn kan utvikle autisme?

Illustrasjon: Shutterstock / NTB

15387
20231208

Autisme

Talet på barn med autismediagnose i Noreg har auka sterkt dei siste åra.

Frå 2012 til 2022 vart talet meir enn firedobla.

I 2012 hadde 317 gutar under fem år ein slik diagnose i Noreg, i 2022 var talet 1265.

I 2012 var det 81 jenter under fem år med autismediagnose i Noreg, i 2022 var talet 382.

Fagfolk ved sjukehusa meiner auken er reell, ikkje resultat av endra diagnostikk.

Mange av barna som blir tilviste for utgreiing, har sterkt avvikande åtferd.

Helse

peranders@dagogtid.no

Sist veke skreiv Dag og Tid om den oppsiktsvekkande auken i talet på barn under fem år med ein autismediagnose i Noreg. På berre ti år – frå 2012 til 2022 – vart talet firedobla. I 2012 hadde 317 gutar under fem år ein slik diagnose i Noreg, 0,17 prosent av aldersgruppa. I 2022 var det 1265 med diagnosen, eller 0,72 prosent av gruppa. For jentene sin del var den relative auken enda sterkare: I 2012 var det 81 jenter under fem år med autismediagnose i Noreg, ti år seinare var talet 382.

Talet på autismediagnosar i dei rike landa har auka sterkt gjennom fleire tiår. Til no har auken blitt forklart med endra diagnostikk og meir medvit om autisme. Men den forklaringa held ikkje lenger, sa røynde fagfolk ved habiliteringsavdelingane på tre norske sjukehus til Dag og Tid sist veke. Dei meiner talet på barn med sterke symptom på autisme faktisk har auka sterkt i Noreg dei siste åra. Men om det stemmer, kva kan årsaka vere? Dette mysteriet blir temaet her.

Berre barn

Først må vi gjere det klart kva slag autisme dette handlar om. Det såkalla autismespekteret dekkjer ein stor variasjon, frå alvorleg funksjonshemming til lettare variantar av Aspergers syndrom. Dag og Tid har valt å fokusere berre på barn under fem år med autismediagnose. Det er dels fordi auken i talet på autismediagnosar for unge og vaksne kan ha andre årsaker, dels fordi det er blant dei yngste auken har vore sterkast, og ikkje minst fordi dei autismediagnosane som blir stilte på små barn, kan innebere sterk funksjonshemming og behov for hjelp heile livet.

Men om vi skal drøfte moglege årsaker til at barn utviklar autisme, støyter vi på fleire kontroversielle tema langs vegen. Det har å gjere med både historikken til autismediagnosen og utviklinga i forståinga av kva autisme er.

Eldre lesarar hugsar kanskje teorien om dei såkalla «kjøleskapsmødrene», ein ide om at barn utvikla autisme fordi mødrene gav dei for lite varme og omsorg. Denne teorien hadde tynt vitskapleg grunnlag. Men han fekk ganske stor oppslutnad blant psykiatrar og psykologar frå kring 1950 og i tiåra etter, og påførte mødrer til autistiske barn mykje dårleg samvit. På slutten av 1970-talet, da tvillingstudiar synte at autisme i stor grad kunne forklarast genetisk, vart teorien om «kjøleskapsmødrene» skrinlagd. Men om ein byrjar å diskutere moglege sosiale faktorar bak autisme, vaknar dette vonde minnet fort til live.

Kampsonar

Eit anna omstridd tema i autismeforskinga var vaksinestriden. I 1998 publiserte den britiske legen Andrew Wakefield ein studie som hevda at MMR-vaksinen mot meslingar, kusma og raude hundar kunne føre til autisme. Wakefield vart teken for fusk, artikkelen vart trekt attende, og hypotesen vart forkasta. Men ideen om at vaksinar er årsak til autisme, har framleis oppslutnad i visse miljø.

I tillegg er det strid om korleis autisme skal forståast av samfunnet, og striden har blitt hardare med åra. Den såkalla nevromangfaldsrørsla som vaks fram på 1990-talet, kjempar for større aksept for folk med mellom anna autisme og ADHD. Delar av rørsla kjempar òg mot åtferdsterapi som skal hjelpe barn med autisme til å utvikle språk og sosial dugleik. Nevromangfaldstilhengarane ser på autisme som ein annleis måte å tenkje og oppføre seg på, ikkje som ei liding som treng årsaksforklaring eller legebehandling. Ut frå det perspektivet er altså sjølve premissen for denne artikkelen ei avsporing.

Like fullt: Når røynde fagfolk ved norske sjukehus meiner det har skjedd ei mangedobling av den mest alvorlege forma for autisme på ganske få år, er det på sin plass å spørje seg kva dette kan kome av. Dessverre finst det i dag ingen klare, vitskapleg funderte svar på det spørsmålet.

Små utslag

Det er ikkje fordi det ikkje har blitt forska. Mange har leita etter faktorar som påverkar autismerisiko, og Autismestudien til norske FHI er blant dei største programma i verda på feltet. Autismeforskarane er ganske samstemde om at genetikk er hovudforklaringa. Eit gjengs anslag er at mellom 70 og 90 prosent av risikoen for å utvikle autisme er styrt av arv. Men det hjelper oss ikkje til å forklare den auken i barneautisme som mange fagfolk meiner å sjå no. Genetikken endrar seg lite på eit tiår. Så kva anna spelar inn?

Forskarane har funne fleire ting som kan påverke risikoen. Éin ting er alder: Ei internasjonal undersøking tyda på at fedrar over 50 år hadde 66 prosent høgare risiko for å få eit barn med autisme, samanlikna med fedrar i 20-åra. Andre studiar har òg vist at overvektige foreldre er knytt til høgare autismerisiko. Fleire studiar tyder på at infeksjonssjukdom og feber hos mora under svangerskapet kan medføre auka risiko. Det same gjeld diabetes, mors bruk av epilepsimedisin eller antidepressiv og høge nivå av tungmetall i blodet under svangerskapet. Kosttilskot med folat kan derimot redusere risikoen.

Men ingen av desse faktorane ser ut til å gjere verkeleg store utslag. I tillegg er det vanskeleg å sjå at nokon av dei skal ha endra seg dramatisk i tiåret da talet på autismediagnosar blant småbarn i Noreg skaut i vêret. Gjennomsnittleg alder for førstegongsfedrar auka til dømes berre med eitt år frå 2012 til 2022, og det forklarer fint lite.

Eventuell auke

– Om det er ein reell auke i talet på barn med autisme, trur eg ikkje du finn ein einskild faktor som forklarar det heile, seier FHI-forskar Alexandra Havdahl, leiar for Autismestudien. Ho meiner det trengst meir forsking for å slå fast om det har vore ein reell auke i autismeførekomst, slik klinikarane ved tre sjukehus fortalde om i Dag og Tid sist veke.

– Forskingsresultata så langt tyder på at hovudforklaringa er endra praksis og meir attkjenning av symptom på autisme. Men vi utelukkar ikkje at det er ein verkeleg auke i tillegg. Observasjonane frå klinikarane er viktige. Uansett årsak ser vi ein sterk auke i talet på barn med autismediagnose, seier Havdahl.

– Men om det er ein slik auke, kva kan forklare den?

– Om det er ein reell auke i førekomsten av barn som fyller diagnosekriteria for autisme, er det truleg ei kompleks forklaring. Det same gjeld utviklinga av autisme generelt. Genetiske faktorar forklarer mykje. Men forholdet mellom genetikk og miljø er komplekst. Om det er ein auke, er det vanskeleg å seie kva årsakssamanhengen kan vere.

– Om talet på barn med autisme faktisk vart firedobla, utfordrar det truleg forståinga av at autisme i hovudsak er genetisk forklart?

– Vi veit ikkje om det er reell auke i førekomst i dette tidsrommet. Så langt har vi ikkje data som tyder på at vektinga mellom genetikk og miljøfaktorar er feil, men biletet kan jo endre seg over tid. Dette er noko vi må undersøkje, seier Havdahl.

Ut på tynn is

Autismeforskinga har så langt ikkje ført oss nærare eit svar. Det hjelper heller ikkje å gå til alternative teoriar som til dømes hypotesen til nevrokjemikaren Karl Ludvig Reichelt (1933–2016), som hevda at autisme kunne kome av proteintoleranse og kurerast med diett. Same problemet gjer seg gjeldande her som for dei faktorane FHI-forskarane meiner påverkar autismerisiko: Fordøyingssystemet til norske barn vart neppe dramatisk endra frå 2012 til 2022.

Men no skal vi starte i ein annan ende. Om vi tenkjer fritt, kva har vore den største endringa i livet til barn i Noreg dei siste 10–15 åra? Ein sterk kandidat: den massive auken i tilgangen på skjermunderhaldning, særleg gjennom små, handhaldne apparat som smarttelefon og nettbrett.

No skal vi ut på tynn is, og da bør ein trø varleg: Det er langt frå sikkert at skjermbruk har noko som helst med auken i autismediagnosar å gjere. Samanfall i tid mellom to fenomen provar slett ikkje årsakssamanheng. Men i mangel på alternativ er hypotesen verd å undersøkje. Den moglege samanhengen mellom skjerm og autisme er lite utforska, men dei siste åra har interessa for temaet teke seg opp, særleg i Aust-Asia.

Skjermtid

I fjor publiserte Jama Pediatrics, det høgast rangerte tidsskriftet for barnemedisin, ein japansk artikkel med Megumi Kushima som hovudforfattar. Studien bygde på data for 84.030 barn fødde mellom 2011 og 2014. Foreldra rapporterte om kor mykje barna fekk sjå på skjerm (TV og DVD) dei første leveåra. Seinare analyse viste sterk assosiasjon mellom skjermtid ved eittårsalderen og seinare risiko for autismediagnose – vel å merke berre for gutar. Dei gutane som såg på skjerm i to til fire timar som eittåringar, hadde 3,5 gonger så stor risiko for autismediagnose i treårsalderen som dei som ikkje såg på skjerm i eittårsalderen.

I 2020 kom ein kinesisk studie med liknande konklusjonar («Screen time and autistic-like behaviors among preschool children in China»). Forskarane samla inn data om mediebruken til 29.461 barn i Shenzhen gjennom dei tre første leveåra. Her såg dei ikkje berre på TV-sjåing, men òg på bruk av nettbrett og smarttelefonar. Også denne studien synte sterk korrelasjon mellom tidleg skjermbruk og såkalla «autistisk åtferd» (ikkje autismediagnose) i femårsalderen. Barn som byrja å bruke skjerm første leveåret, var 2,5 gonger meir tilbøyelege til slik åtferd som femåringar. Samanhengen vart òg sterkare jo fleire timar barna hadde brukt skjerm dagleg.

Desse studiane viser sterk korrelasjon, men det er langt frå nok til å slå fast at mykje skjermtid aukar risikoen for seinare autismediagnose. Kritikarar kan innvende at samanhengen kanskje går motsett veg: Barn med disposisjon for autisme kan vere tilbøyelege til å sjå meir på skjerm tidleg. Eittåringar har ikkje makt til å styre mediebruken sin, men dei kan vise preferansar. Det er òg mange døme på at autistar kan vere uvanleg sterkt tiltrekte av skjermteknologi.

Og kva kan eventuelt vere årsakssamanhengen mellom skjermbruk og autistisk åtferd – ein ide i strid med premissen om at autisme i all hovudsak er medfødd? Ein som har eit forslag, er Karen F. Heffler, forskar i psykiatri ved Drexel University i USA.

Plastisk hjerne

Heffler er utdanna augelege, men fatta interesse for autisme da ho fekk ein autistisk son (som i dag er vaksen). Ho byrja å forske på temaet og fekk det ikkje til å stemme at endra diagnostikk kunne forklare heile auken i førekomsten.

–?Vi veit at genetikk spelar ei stor rolle for utviklinga av autisme, men gena våre endrar seg ikkje så fort. Så eg byrja å sjå på den tidlege utviklinga til barnehjernen, seier Heffler på telefon til Dag og Tid.

Ho tok utgangspunkt i fenomenet nevroplastisitet, den sterke evna barnehjernen har til å tilpasse seg miljøet sitt, særleg i dei første leveåra. I 2015 la ho fram ein teori som i kortversjon er slik: Audiovisuelle inntrykk frå skjermbruk dei aller første leveåra kan føre til skeivutvikling hos barn som er genetisk disponerte for autisme. Sanseinntrykka frå skjermane kan stimulere overutvikling av somme nevrale nettverk i hjernen, på kostnad av nettverk retta mot det sosiale.

– Det er forska på mange miljøfaktorar som kan påverke risikoen for autisme: medisinar, vasskvalitet, giftstoff i maten og så vidare. Men nesten ingenting var gjort på faktorar som påverkar korleis barna erfarer verda gjennom sansane, og eg fann ingen studiar av skjermtid og autisme, seier Heffler.

Perspektivet hennar er framleis marginalt blant autismeforskarar i USA. Sjølv har Heffler laga ein pilotstudie i familiar med autistiske barn. Ungane var frå 18 til 40 månader gamle. I snitt såg dei på skjerm fem timar dagleg da studien byrja. Heffler bad familiane om å redusere skjermtida til maks éin time i veka og bruke meir tid på sosial samhandling. I løpet av seks månader vart autismesymptoma til barna sterkt reduserte.

– Dei siste åra har det kome fleire studiar som viser assosiasjon mellom skjermbruk og autismesymptom. Årsakssamanhengen er ikkje bevist. Men vi veit at auken i talet på autismediagnosar dei siste åra fell saman med sterk auke i skjermbruk, seier Heffler.

– Skjermane er så lett tilgjengelege no. Mange eitt- og toåringar får sin eigen smarttelefon å leike med. Ingen annan faktor i livet til barna er så dramatisk endra dei siste åra som mediebruken.

Revolusjon

Den teknologiske tidslina er interessant her: Apple lanserte Iphone i 2007, og den første Android-telefonen kom året etter. Dei neste åra vart smarttelefonane allemannseige, og i 2013 passerte salet ein milliard einingar årleg. iPaden vart lansert i 2010. Sidan da har mobilar og nettbrett vore populære underhaldningsmaskiner for barn – også småbarn.

Ein norsk forskar som har interessert seg for teorien til Heffler, er Einar Aasen Tryti, nevropsykolog og stipendiat ved Akershus Universitetssjukehus.

– Det ser ut til å ha skjedd ei mangedobling av symptoma vi forbind med autisme hos førskulebarn, i same tidsperiode som vi fekk nettbrett, smarttelefonar og strøymetenester. Da må vi ta på alvor forskinga som antyder samanheng mellom skjermbruk, forsinka språkutvikling og låg motivasjon for sosialt samspel, seier Tryti.

–?I dei to første leveåra skal barna lære seg mykje om språk og samspel. Ein del forsking tyder på at somme barn kan utvikle symptom vi forbind med autisme om dei ser på skjerm fleire timar dagleg i den fasen. Teorien til Heffler er ein av svært få som etablerer ein plausibel samanheng mellom auken av ein kjend risikofaktor og bølgja av tilvisingar av små barn med mistanke om autisme.

Mot råda

Kva seier så staten om skjermtid? Helsedirektoratet tilrår at barn under to år ikkje skal sjå på skjerm i det heile, medan barn frå to til fem år bør få maks éin time om dagen. Råda er dels laga ut frå føre-var-prinsippet, dels grunngjevne slik: «Redusert skjermtid er assosiert med mindre overvekt og bedre motorisk og kognitiv utvikling og positiv effekt på psykososial helse.» I tillegg kan mykje skjermbruk påverke synet.

I praksis byrjar mange norske småbarn å sjå på skjerm mykje tidlegare enn tilrådd. Undersøkingane til Medietilsynet tyder på at 55 prosent av eittåringane ser film og seriar på TV eller nettbrett dagleg eller vekentleg, og ein tredel av eittåringane ser på YouTube jamleg. Kor mange timar skjermtid det blir i snitt for dei minste, er ukjent.

Igjen: Det er slett ikkje sikkert at skjermbruken er årsak til at fleire barn enn før viser åtferd som minnar om autisme. Mykje står att før ein kan trekkje ein slik konklusjon, og det er framleis få studiar av ein mogleg samanheng. Og det er uvisst om skjermbruk kan vere med på å forklare kvifor langt fleire barn av innvandrarar får ein autismediagnose.

Det vi kan merkje oss medan vi ventar på vitskapen, er at ei rekkje studiar frå inn- og utland tyder på at omfattande skjermbruk i dei første leveåra heng saman med andre ting enn autismediagnosar –?til dømes forsinka språkutvikling, forsinka kognitiv utvikling, dårlegare utvikla sosiale evner, redusert impulskontroll og vanskar med å forstå eigne kjensler og å tolke andletsuttrykk. Det er ikkje uviktig, det heller.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kristin Vinje.

Kristin Vinje.

Foto: NOKUT

Ordskifte

Nokut alene kan ikke sjekke alle detaljer

Jeg har tillit til at de aller fleste studenter er redelige og gjør sitt eget arbeid på en skikkelig måte, skriv Kristin Vinje.

KristinVinje

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis