Auka tilsyn med handlevogna
Koronakrisa kan styrkje konkurransen i daglegvarebransjen. Kan den nye stortingsmeldinga om næringa gjere det same?
Daglegvarebransjen er prega av sterke aktørar, både på leverandør- og på daglegvaresida. Regjeringa greier ut bransjen for å styrkje konkurransen.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Ein minst ti år lang diskusjon skulle nå endestasjonen. Regjeringa og Stortinget skulle få eit felles faktagrunnlag. Dei skulle kunne sjå alt i samanheng. Ikkje minst skulle dei verte einig om ein felles politikk.
Dåverande næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) kunne oppfattast som anten overambisiøs eller ein smule lei då han varsla ei stortingsmelding om daglegvarebransjen i mai i fjor i avisa Nationen. Han ville sleppe å føre ein evig diskusjon om rammevilkåra og situasjonen i daglegvaremarknaden.
– Vi kan setje punktum og få eit regelverk som står seg over tid, sa han.
No har etterfølgjaren hans, Iselin Nybø (V), lagt fram meldinga. Den set på ingen måte punktum, men minst 11 nye spørjeteikn. Målet er å styrkje konkurransen i daglegvarebransjen, noko som igjen skal gje forbrukarane eit betre utval og lågare prisar.
– Noreg har høgare prisar og mindre vareutval enn nabolanda våre. Dette vil regjeringa gjere noko med og foreslår no ei rekkje tiltak, uttala Nybø då meldinga vart lansert førre veke.
Koronaeffekten
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.