Åtvarar om sjukepleiarkrise
Hardt arbeidspress, krevjande turnusar og låg løn driv mange vekk frå sjukepleiaryrket, meiner Eli Gunhild By i Sjukepleiarforbundet.
I 2035 vil det ifølgje Statistisk sentralbyrå mangle 28.000 sjukepleiarar i Noreg.
Foto: Tore Meek / NTB scanpix
Nye tal frå Nav syner at vi i dag manglar 5600 sjukepleiarar i Noreg. Og verre skal det bli. I 2035 vil det mangle 28.000 sjukepleiarar, ifølgje framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Leiaren i Sjukepleiarforbundet, Eli Gunhild By, kallar situasjonen ei varsla krise.
– Over år har vi fått tal både frå SSB, Nav og KS’ arbeidslivsbarometer som syner at sjukepleiarane er den yrkesgruppa det vert størst mangel på framover. Alt i 2015 mangla vi 2550 sjukepleiarar, og det sa vi frå om. I fjor var talet oppe i 5900. No må politikarane og arbeidsgjevarane ta utviklinga på alvor og gjere noko før det er for seint.
– Mangelen var høgare i fjor enn i år. Tyder ikkje det at vi er på rett veg?
– Nei. I fjor var det noko uvisse knytt til tala frå Trøndelag, som følgje av fylkessamanslåinga. Nedgangen er uansett så liten og mangelen så stor at det på ingen måte er noko å seie seg nøgd med. Skal vi unngå alvorlege feil og syte for at pasientane framleis får god behandling, må vi gjere tiltak som både rekrutterer fleire og gjer at fleire vert verande i jobben sin.
– Kva er den viktigaste årsaka til mangelen, etter di vurdering?
– Det handlar om stor arbeidstyngd, at mange ikkje har høve til å gå i heile stillingar, løn som ikkje er bra nok, og turnusar som er for krevjande. Den gjennomsnittlege avgangsalderen for sjukepleiarar er 57 år. Så her finst det ikkje berre eitt svar. Vi må ha fleire heile stillingar og betre løn, og vi må klare å drive kompetansehevande tiltak og etter- og vidareutdanning.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.