Åtvarar om nedleggingsbølge

Striden om Nord universitet er nok ei god sak for Senterpartiet.

Stortingsrepresentant Marit Arnstad (Sp).
Stortingsrepresentant Marit Arnstad (Sp).
Publisert

Da stortingsmeldinga Kon­sentrasjon for kvalitet var oppe i Stortinget i 2015, kom den sterkaste motstanden frå Senterpartiet. Sp meinte at strukturreforma i høgare utdanning kunne svekke distrikta og føre til sentralisering. «Det vil være opp til styret ved den enkelte institusjon å avgjøre plassering av campus og opprettelse og nedleggelse av studietilbud», skreiv Sp i ein av merknadene til meldinga.

– Det som no skjer ved Nord universitet, bør ikkje overraske nokon, meiner Marit Arnstad, parlamentarisk leiar for Sp og medlem i utdannings- og forskingskomiteen.

– Vi skjønte kva strukturreforma innebar. Men eg er ikkje sikker på om dei andre partia skjønte det – eller om dei kanskje fortrengde det.

Denne veka tok Arnstad opp Nord universitet-saka med kunnskapsminister Nybø i spørjetimen i Stortinget. «Til tross for lovnader om at strukturreformen ikke skulle føre til nedlegging av campuser, er vi nå i den situasjonen at institusjonene diskuterer nettopp framtidig studiestedstruktur», sa Arnstad og åtvara statsråden: Om ikkje regjeringa grip inn overfor Nord universitet no, kjem det til å kome «en bølge av studiesteder som blir lagt ned».

– Kva er det som står på spel her?

– Heile forholdet mellom universitetet og det regionale næringslivet og arbeidslivet står på spel. Det universitetsleiinga no vil gjere i Steinkjer og Namsos, er heilt øydeleggande for forholdet til arbeidslivet i regionen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement