Åtvarar mot ein ny helseadel
Rune Slagstad meiner sjukehusprosessar som den som no kan føre til at Ullevål sjukehus vert lagt ned, underminerer demokratiet. Men han ser grunn til optimisme.
Fleire hundre gjekk førre veke i protesttog i Oslo mot nedlegginga av Ullevål sjukehus.
Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
– Sjukehusprosessen i Oslo er eit døme på ei postdemokratisk underminering av demokratiet, berre i ein mildare variant enn det vi ser andre stader i Europa, som i Polen, Ungarn og Sør-Europa, der politiske prosessar bak ein demokratisk fase i aukande grad vert kontrollerte av privilegerte elitegrupper.
Det seier Rune Slagstad, professor emeritus ved Institutt for samfunnsforsking ved Universitetet i Oslo.
Samanslåinga av dei offentlege sjukehusa i Oslo – til Oslo universitetssjukehus (OUS) – kan få skulda for mykje, men ikkje på noko tidspunkt for å ha gått på skjener. Onsdag førre veke var det igjen fakkeltog i Oslo mot nedlegging av Ullevål sjukehus, Noregs største akuttsjukehus, den førebels siste vendinga i den over ti år lange sjukehusprosessen.
Slagstad har følgt prosessen sidan starten og har protestert gjentekne gonger. Han kallar det som er vedteke no, med utbygging av eit regionsjukehus med lokale funksjonar ved Rikshospitalet på Gaustad og nedlegging av Ullevål, ein varsla politisk skandale.
Slik han ser det, er det løysinga som vart skissert i 2011, med gradvis utbygging av Ullevål og modernisering av Rikshospitalet, som ville vere det fornuftigaste.
No har han samla eigne tekstar og føredrag og fleire andre kritiske offentlege innspel i debatten om Oslo-sjukehusa mellom to permar med tittelen Spillet om Ullevål sykehus. Et doldisbyråkratisk lærestykke.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.