Åtvarar mot å tolke EØS-retten for strengt
To dommar frå Danmark og Tyskland syner at det er andre land som til dels har skjøna og tolka EØS-regelverket på liknande vis som det Nav gjorde fram til i fjor.
«Er du EØS-borger og skal reise til et land innenfor EØS, trenger du ikke søke NAV på forhånd», står det på Nav-nettsidene no, etter at arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) (t.h.), Nav-direktør Sigrun Vågeng og riksadvokat Tor-Aksel Busch i oktober i fjor måtte erkjenne at Nav har praktisert regelverket feil i fleire år.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
I samband med den såkalla Nav-skandalen har Nav fjerna det tidlegare kravet om at dei som får sjukepengar, arbeidsavklaringspengar eller pleiepengar, må søkje om å få behalde desse ytingane dersom dei skal reise til eit anna EØS-land.
«Er du EØS-borger og skal reise til et land innenfor EØS, trenger du ikke søke NAV på forhånd, men du må sjekke at reisen er forenelig med dine plikter som sykmeldt», står det på nettsidene til direktoratet i dag.
Søknadsplikta følgde av den norske folketrygdlova, men vart fjerna fordi det vart slått fast at EØS-forordninga som gjev rett til å få utbetalt kontantytingar for den som «er bosat eller opholder sig i en anden medlemsstat», også gjeld for dei som er på kortvarig opphald eller typiske feriereiser.
Denne EØS-forordninga står over norsk rett og har som kjent vore tolka feil av Nav etter at ho tok til å gjelde i Noreg i juni 2012.
Med fjerning av søknadsplikta kan Nav no derimot ha tolka EØS-reglane for strengt og gjort det lettare å reise utanlands med sjukepengar enn det EØS-retten krev. Det meiner tidlegare høgsterettsdommar Karl Arne Utgård.
I ein kommentar på nyhendenettsida Rett24 syner han til praksis og dommar frå andre EØS-land som støttar opp om den tidlegare norske praksisen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.