Attmed
Eg har mange favorittord. Skemtan ok gaman, skjemt og moro, som ei norrøn omskriving for sex. Grisgrendt fordi det kling så fint, og fordi det er slik storparten av Noreg er. Svivørdsle fordi det viser til eit ærestap som ofte utløyser hemn. Og hemn kan vera blodig moro! Gabba, altså å driva med moro, ap og lureri – fordi det er lånord i norrønt som anten kjem frå latin eller gammalfransk, og som dessutan kan knytast til 70-tals Ramones-punk og Frode Gryttens barnebok Gabba Gabba Hey.
Eg skal ikkje snakka om desse, men legg frå meg både norrønt, gammalfransk og alle språkvitartendensar. Eg vågar meg derimot på å snakka om eitt enkelt ord som kjem til å bli hengande i hovudet mitt i all framtid av heilt andre grunnar – og det er så enkelt som ordet attmed. Dei lydlege kvalitetane til ordet gjer det mjukt og venleg. Å vera attmed er å vera saman, på same tid og i same rom, både fysisk og mentalt. Eg vil gjerne ha nokon å vera attmed.
Eg hadde ein nabo som drukna for nokre år sidan. Han fall i eit vatn, og det gjekk lang tid før dei fann han. Det var ein mann som var godt eldre enn eg, ein jovial og snakkesalig bergensar – til tider litt høglydt og påståeleg på ein velmeinande og entusiastisk måte – akkurat slik bergensarar kan vera.
Eg var på ferie då han forsvann, og det gjekk lang tid før eg fekk vita kva som hadde skjedd. Den siste gongen eg møtte han, var ein usedvanleg fin og varm sommarkveld. Han sat på terrassen sin saman med sambuaren, eg åleine på terrassen attmed.
Eg vart invitert over og klatra over rekkverket med ei vinflaske i handa. Det vart ein sein og veldig morosam kveld – og midt i låtten tagde naboen, vart mjukare og rolegare i røysta og spurde meg: Veit du kva favorittordet mitt er? Det finst berre på nynorsk.
Så reiste han seg, gjekk rundt bordet og sette seg ned attmed meg på benken. «Det er attmed, tenk på kor fint det er å vera attmed nokon. I dette attmed er det eit samhald, ei ro og eit rom som berre er så utruleg fint.» Det var det varaste og mest uventa denne mannen kunne ha gjeve meg – og det varte ein liten augneblink då også eg vart mållaus.
Så reiste han seg, og samtalen gjekk vidare om alt frå hundar, forstyrrande trampolinar, utviding av terrassar og fiskestenger.
Utgreiinga om å vera attmed er det siste eg verkeleg veit at denne naboen sa til meg. Det er det eg tenkjer på når eg innimellom kjem på han. Det er det eg tenkjer på når eg ser over på terrassen til naboen. Det er det eg tenkjer på når eg ser sambuaren hans – og eg lurer kvar gong på om eg burde ha fortalt dette til ho, eller om det vert å tråkka for nær kjenslene til nokon eg ikkje kjenner så godt. Og i ny og ne tenkjer eg at det er det eg sjølv ønskjer meg. I dag er favorittordet mitt attmed.
Ingvil Brügger Budal
Ingvil Brügger Budal er førsteamanuensis i norsk ved NLA Høgskolen i Bergen og fast skribent i
Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.