Krig
Åtak og innsamling
På denne tida, når kvelden fell på i skogane i Zjytomyr-regionen og andre delar av Ukraina, kan ein ofte høyre lyden av øksehogg eller det skarpe kvinet frå ei motorsag.
Innbyggjarane i landsbyen Malaja Rohan i Kharkiv hentar ved for å bu seg på ein vinter som kan bli særs lang og hard.
Foto: Nacho Doce / Reuters / NTB
I mørkret seint på kvelden og av og til om natta forlèt Ladaar med tilhengarar fulle av trestokkar, eller endatil store tømmerbilar lasta med store, nyfelte furustammer, skogen. Ladaane med hengar set vanlegvis kursen mot næraste landsby. Slik skaffar innbyggjarane seg ved til vinteren.
Sjølvsagt er dette ulovleg, men politiet bryr seg ikkje stort om ulovleg tømmerhogst i liten skala. Dei pla spore opp slike som driv stort i skogen nattetid – dei som ulovleg skjer og høvlar trevirke som dei sel til byggeverksemder og møbelsnikkarar. Men no har politiet så mykje anna å ta hand om. Og store, illegale tømmerhoggarar arbeider òg for vedmarknaden før den komande fyringssesongen.
Sidan 2014 og starten på krigen med Russland har mange innbyggjarar i ukrainske landsbyar og byar slutta å tru på oppvarming med gass. Dei har gjort om omnane og varmtvasstankane sine, slik at dei kan nytte mange slags energikjelder, inkludert den billigaste – ved. På gardsplassar og i bakgardar i byar som Lazarivka, Morozivka og Brusilov aukar talet på vedstablar dekte til med presenningar mot regnet.
Det skulle ikkje forbause meg om det same no skjer i Polen, Tsjekkia og til og med i Austerrike. I Europa kjem dette av dei høge gassprisane. I Ukraina har prisane på gass halde seg på førkrigsnivå. President Zelenskyj ferda nyleg ut eit dekret om frysing av prisane på brennstoff for å roe ukrainarane ved inngangen til vinteren.
Ja, Zelenskyj kan fryse prisane på gass, elektrisitet og vatn. Men han kan ikkje garantere at bustadene til ukrainarane kjem til å ha gass, oppvarming, vatn og elektrisitet gjennom vinteren. Det avheng av det russiske artilleriet. Det er alt ein god del byar, både okkuperte og frie, som ikkje kjem til å ha oppvarming denne vinteren. Det gjeld byar som Mariupol og Melitopol, Sloviansk og Soledar. Situasjonen i Kharkiv og Nikolajev er uklar.
Borgarmeisteren i Kyiv, Vitali Klitsjko, har åtvara bebuarane i byen om at temperaturen i husvære denne vinteren ikkje vil kome over 18 gradar celsius. Eg lyt berre seie at i husværet vårt i sentrum av Kyiv var temperaturen aldri over 18 grader om vinteren. Men han var ofte nede i 13–14 grader, så vi er vande med kulde.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.