Assads gasskrig er i gang

To reporterar frå Le Monde har i løyndom følgt syriske opprørarar i to månader i Damaskus og området rundt. Dei var til stades under eit kjemisk åtak og kan stadfeste at styrkane til Bashar al-Assad nyttar kjemiske våpen.

Publisert Sist oppdatert

Eit kjemisk åtak på fronten ved Jobar, inngangsporten til den syriske hovudstaden, liknar i utgangspunktet ikkje på noko. Ikkje på noko spektakulært. Ikkje eingong på noko ein legg merke til. Og det er nett poenget: Når krigarane i Den frie syriske armeen (ASL) som er lengst inne i Damaskus, skjønar at dei er utsette for kjemiske substansar av regjeringshæren, er det for seint.

Når Omar Haidar, som er den operasjonelle leiaren for Tahrir Al-Sham-brigaden, skal forklare lyden som nesten forsvann i kampspetakkelet, seier han at det likna litt på ein Pepsi-boks som vert sleppt i bakken. Inga lukt, ingen røyk, ikkje eingong ein vislelyd som kunne gje eit signal om giftig gass som strøymde ut.

Så kom symptoma. Mennene hostar veldig. Augo brenn, pupillane trekkjer seg ekstremt mykje saman, synet vert svekt. Snart melder det seg pustevanskar, oppkast, medvitsløyse. Dei hardast råka lyt evakuerast før dei vert kvelte.

Le Monde-vitne

Dette har to spesialutsending-ar frå Le Monde vore vitne til fleire dagar på rad i dette området i utkanten av Damaskus der opprørarane trengde gjennom i januar. I to månader har vi samla materiale som syner kor alvorlege desse sakene er, kor mange dei er, og taktikken som ligg bak bruken av dei. Alt dette syner at det ikkje dreiar seg om tåregass, men om langt giftigare kjemiske substansar.

I sektoren «Bahra 1», som ligg lengst framme mot den strategisk viktige Abbasside-plassen, vart mennene til Abou Djihad utsette for det første åtaket deira av denne typen om kvelden torsdag 11. april. Det kom heilt uventa på alle. Dei hadde høyrt om «gass» på andre frontavsnitt tidlegare, men kva i all verda skulle ein gjere no, når det var røyndom? Korleis kunne ein verne seg utan å forlate stillinga og gje fienden ein lett siger? –?Nokre menn drog sin veg, andre vart verande, lamme av panikk. Men stillinga vart ikkje oppgjeven. Soldatane i front fekk ordre om å skaffe seg fukta skjerf for å verne andletet, forklarer ein opprørar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement