JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Arendalsjuka i norsk offentlegheit

I skuggen av Irangate har kommersielle aktørar overtatt den politiske dagsordenen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Partileiardebatten tysdag var slappe greier. F.v. Jonas Gahr Støre (Ap), Erna Solberg (H), Siv Jensen (Frp) og Trine Skei Grande (V).   Foto: Elisabeth Grosvold / NTB scanpix

Foto: Elisabeth Grosvold / NTB scanpix

5347
20180817
5347
20180817

hompland@online.no

Alle som har makt eller trur dei har makt, alle som vil ha makt eller trur dei kan få makt ved å koma nær dei som har makt, har vore i Arendal denne veka og tatt del i jakta på makta.

Alle skal ned for å vera med. Og fremst mellom dei alle nettverksbyggarane og dei zynkroniserte informatorane, spindoktorane, påverknadsagentane, kommunikasjonsbyråa og fyrstehusa, som har fått betalingsdyktige klientar til å tru at dei ikkje kan klara seg utan kommersielle koplarar mellom politikk, presse, næringsliv og interesseorganisasjonar.

I ARENDALSBOBLA lanserer dei seg, lunsjar saman, leikar seg saman, er gjensidig lausmunna og læst som om alt skjer der dei er. Det blir mykje innavl av slikt, noko som over tid svekker kvaliteten, men fremmar overgangar mellom ulike sider av bordet.

«Er du ikke i Arendal, så er du ikke relevant», sa Gunnar Mathisen i Geelmuyden Kiese i fjor. I år var det endå verre, og fleire framande makter flytta inn. Så sentral har ikkje kanalbyen i bakevja vore sidan blømingsåra på tampen av seglskutetida. Jon Gelius har flytta heim, og det kjem godt med for sjølvbiletet nå som Aust-Agder skal bli eit fylkespolitisk anneks under Kristiansand.

SPALTISTEN og dei gode hjelpeskrivarane har ikkje vore ramma av arendalsjuka. Derfor er dei truleg både avundsjuke og irrelevante og må halda seg til sideblikk frå utsida.

Vertinna har stor tru på den nye fiskeriministeren, Harald Tom Nesvik, for ho liker folk flest med ein litt uryddig CV før politikken tok dei: dørvakt, instruktør på helsestudio, vaskemaskinseljar. For eit par månadar sidan sa han frå seg embetet som fylkesmann i Møre og Romsdal fordi han ikkje ville pendla frå Ålesund til Molde. I staden heldt han fram som samfunnskontakt for brønnbåtreiarlaget Sølvtrans.

Men for Vertinna er det meir: Ho meiner det er noko særskilt med sunnmøringar som av omsyn til korrekt rekkefølge mellom bestefedrane som skal kallast opp, har fonetisk feilstokka førenamn: Olav Nils, Erling Lars, Johan Arne. (Leif-Per og Per-Leif stiller i eiga klasse.)

BYRÅSJEFEN slår fast det heilt elementære: Når ein statsråd handlar slik at han fell i unåde, er det ingen nåde; då må han få avskil i nåde. Eg ville ikkje brukt dei orda om vår heimlege utgåve av Irangate, men er samd i at det tok langt tid før den oppskrytt handlekraftige Erna Solberg vingla seg fram til at Per Sandberg måtte gå av frivillig. Ho er så opptatt av å stå fram som raus, robust og romsleg at det blei rufsete. Det er ikkje lett å prøva seg som rev eller røyskatt når ho har å gjera med ein villaks som Per Sandberg, som ikkje lar seg oppdretta.

SOLBERG-REGIMET er i ruskevêr på heimebane når den politiske tørken er over og haustsesongen tar til. Det skulle ein uvitug mann til for å gjera tryggleiken til eit farleg problem når det fossar på. Huset, som tilsynelatande kvilte trygt på berg, er i ferd med å syna seg bygt på sand. Når det fell, kan fallet bli stort (Matt 7, 24–27).

Regjeringa skulle bli styrkt då Venstre melde seg inn, men er stadig i mindretal. Kristeleg Folkeparti, som trudde sterkt på meir makt då dei hamna i vippeposisjon, har kome til at dei må velja side for å sleppa å vandra i dødsskuggens dal eller hamna mellom møllesteinar. Same kva dei gjer, tærer det på det indre samhaldet i eit parti som er i strid med seg sjølv, og eit veljarfolk som drar i ulike retningar. I Hordaland skallar dei av til Høgre og dei fundamentalistisk kristelege, medan Bondevik d.a.y. (soneson til Kjell Magne), som er leiar i Akershus KrFU, vil halda fram aleine på den smale stien.

DET ER INGEN DRISTIG spådom at Sandbergs persiske fall vil skapa uro i Framstegspartiet og undring mellom urveljarane. Førebels er dei glattpolerte biljardkulene objektsikra, men gjeddene lurer i sivet. Når gallupen tippar under 10 prosent, kjem lausbikkjene til å gneldra og regjeringslysta vil falla. Det vil vera salt i såra dersom Senterpartiet blir varig større.

Det har ikkje stokka seg heilt for MDG, så dei kan ikkje une seg ro. SV augnar lys i bakken, og minipartiet Raudt har sett sperregrensa ovanfrå av og til. Dei kallar det bulldosarparlamentarisme, men m-l-ungen Bjørnar Moxnes snakkar og agerer som ein komfortabel fullblods parlamentarikar. Han bruker ikkje Stortingets talarstol til revolusjonær propaganda à la Folkvord, men har latt seg omfamna av hertuginner og det urkommunistane i partiet kalla parlamentariske illusjonar.

DÅ PARTILEIARANE til slutt slapp til frå Arendal etter Sandberg-showet tysdag, var det slappe greier. Det stemningsskiftet som dei politiske meiningsmålingane har bore bod om, lar venta på seg. Arbeidarpartiet har fått dempa den interne uroa såpass at dei kan sitja rolegare i båten, og nokre veljarar har kome ned frå gjerdet og krope om bord att. Men framleis ligg innvandringståka tjukk over Drammensfjorden. Det kan bli ein tung haust for Støre, for sjølv om løysingane ikkje er nye lenger, stjerna Erna har bleikna og talepunkta til Siv Jensen går på tomgang, er dei gode til å trø vatnet og halda seg flytande med ein hardt prøvt Hareide som redningsbøye.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Erna Solberg er så opptatt av å stå fram som raus, robust og romsleg at det blir rufsete og vinglete.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det blei teater av Brynjulf Jung Tjønns sterke og prislønte diktsamling.

Foto: Den Nationale Scene

Meldingar

Sterkt og poetisk om etnisk utanforskap

Ei enkel, framifrå framsyning om vondskapen som synest å ha bite seg fast i oss.

Jan H. Landro

Anna Fesun, «Guds moder», gjev «magisk hjelp» til hjelpelause og medvitslause ukrainarar – mot eit verdsleg vederlag.

KrigSamfunn

Krig og psyke

Det er vanskeleg å vite om den nye «sigersplanen» som president Zelenskyj nyleg varsla, er ein verkeleg sigersplan eller berre ein ny freistnad på å kurere tungsinn i det ukrainske samfunnet.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis