ÅreknutepunktStaten satsar på sentrum gjennom kollektivtrafikk – den såkalla knutepunktstrategien. Utfallet er forgubbing og samlingar av gråe høgblokker.

Staten satsar på sentrum gjennom kollektivtrafikk – den såkalla knutepunktstrategien. Utfallet er forgubbing og samlingar av gråe høgblokker.

Rieselfeld ved Freiburg i Tyskland. Eit førebilete for norske forstader
Rieselfeld ved Freiburg i Tyskland. Eit førebilete for norske forstader
Publisert

Før vi går til stadutviklinga, tek vi ein tur til leksikografien – til ordbøkene: Redaksjonen i Det Norske Akademis Store Ordbok (NAOB) får jamleg inn framlegg til nyord på norsk.

Nokre ord blir lagde på vent før dei blir tekne inn i allmennspråket. Eitt nytt ord er «åreknutepunkt». Tydinga er «utbygging kring eit kollektivknutepunkt, der bustadprisane ofte er pressa, slik at det er dei eldre som har råd til å kjøpe, og som derfor klumpar seg saman der».

Slike «åreknutepunkt» finst det mange av i Noreg, blant andre Lørenskog og Sandvika utanfor Oslo og Arna, Fana og Laksevåg i Bergen. Somme av dei finst i same kommune som storbyen, andre, som Sandvika, i ein tilgrensande kommune.

I dag er det nytt fokus på slike stader, for det er fullt i mange bysentrum. Det handlar om å hindre byspreiing ved etablering av villaer og bilvegar utanfor sentrum. Det kolliderer med planen om ei klimavenleg, berekraftig stadutvikling. I ein klimapakke som EU lanserte i fjor, kjem det fram at Noreg er mellom dei landa som ligg dårlegast an: Vi må kutte utslipp med 40 prosent innan 2030 for å nå klimamåla til EU-kommisjonen. Det tyder mindre bilbruk og storstilt satsing på sykkelvegar og kollektivtrafikk.

Her kjem vi inn på «åreknutene». Statens offisielle politikk er å satse på dei gamle sentra i randssona til byane. Denne politikken har fått namnet knutepunktstrategien: Hovudtanken er at folk kan bu i randssona til byen utan bil dersom det blir bygd mange nye bustader tett ved stader med jarnbanestasjon og T-bane- og bussamband.

Men fungerer denne politikken i praksis? Vi tek ein tur til eit av dei nemnde sentra, Lørenskog, for å få svar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement