Arealutvikling over stokk og stein
Kommunane har fått friare taumar i arealsaker. I Bamble hoppa politikarar bukk over sterke faglege råd i ei utbyggingssak.
Det skogkledde høgdedraget mellom Osmundsvann (t.v.) og E18 er kjent som eit viktig trekkområde for elg, hjort og rådyr på veg mellom fjell og kyst i Bamble kommune. No skal det lagast nærings- og handelsområde som strekkjer seg nesten heilt ned til vasskanten.
Foto: Privat
Kommunane har fått så stor handlefridom i arealsaker at det kan gå ut over naturmangfald, jordvern, strandsone og friluftsliv, varsla Riksrevisjonen nyleg. Fylkesmenn og andre faginstansar kan stogge arealplanar dei meiner strir mot overordna mål, men dei brukar det høvet sjeldnare enn før. Etter instruks frå regjeringa i 2014 er bruken av såkalla motsegner frå faginstansane nær halvert.
I tillegg gjer kommunane mange arealendringar ved å gje dispensasjonar frå areal- og reguleringsplanane i staden for å endre dei. Og dispensasjonar har ikkje faginstansane høve til å fremje motsegn mot.
Frå svak til svakare
Alt i 2007 stilte Riksrevisjonen spørsmål ved om systemet for å følgje opp om arealutviklinga i Noreg er berekraftig er godt nok.
Dei siste åra har kontrollen med arealbruk i kommunane gått frå svak til endå svakare, meiner Fredrik Holth. Han er dosent i juridiske fag ved Institutt for eigedom og juss ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).
– Intensjonen i lova er at kontrollfunksjonen skal vere basert på fagleg skjønn, ikkje på politikk. Dess mindre høve til å fremje motsegn, dess større sjanse for at arealsaker ikkje vert godt nok opplyste. Faren er at regionale og nasjonale målsetnader om vern av jord, biologisk mangfald, natur- og friluftsområde taper terreng, seier Holth.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.