Arealutvikling over stokk og stein
Kommunane har fått friare taumar i arealsaker. I Bamble hoppa politikarar bukk over sterke faglege råd i ei utbyggingssak.
Det skogkledde høgdedraget mellom Osmundsvann (t.v.) og E18 er kjent som eit viktig trekkområde for elg, hjort og rådyr på veg mellom fjell og kyst i Bamble kommune. No skal det lagast nærings- og handelsområde som strekkjer seg nesten heilt ned til vasskanten.
Foto: Privat
Lokalt sjølvstyre
eva@dagogtid.no
Kommunane har fått så stor handlefridom i arealsaker at det kan gå ut over naturmangfald, jordvern, strandsone og friluftsliv, varsla Riksrevisjonen nyleg. Fylkesmenn og andre faginstansar kan stogge arealplanar dei meiner strir mot overordna mål, men dei brukar det høvet sjeldnare enn før. Etter instruks frå regjeringa i 2014 er bruken av såkalla motsegner frå faginstansane nær halvert.
I tillegg gjer kommunane mange arealendringar ved å gje dispensasjonar frå areal- og reguleringsplanane i staden for å endre dei. Og dispensasjonar har ikkje faginstansane høve til å fremje motsegn mot.
Frå svak til svakare
Alt i 2007 stilte Riksrevisjonen spørsmål ved om systemet for å følgje opp om arealutviklinga i Noreg er berekraftig er godt nok.
Dei siste åra har kontrollen med arealbruk i kommunane gått frå svak til endå svakare, meiner Fredrik Holth. Han er dosent i juridiske fag ved Institutt for eigedom og juss ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).
– Intensjonen i lova er at kontrollfunksjonen skal vere basert på fagleg skjønn, ikkje på politikk. Dess mindre høve til å fremje motsegn, dess større sjanse for at arealsaker ikkje vert godt nok opplyste. Faren er at regionale og nasjonale målsetnader om vern av jord, biologisk mangfald, natur- og friluftsområde taper terreng, seier Holth.
Ser vekk frå protestar
Eit døme på kor lite faglege vurderingar kan bety når det ikkje vert fremja motsegn, finn vi vest i Bamble kommune i Telemark.
I området Langrønningen har politikarane nett vedteke å regulere inn eit nær 300 mål stort handels- og industriområde tett på eit verna vassdrag og midt i eit viktig trekkområde for elg og hjort.
Vedtaket opnar for meir omfattande handel enn areal- og transportplanen for området gjev høve til, og det strir mot tilrådingar frå Naturvernforbundet, Statens vegvesen, Viltnemnda i Bamble, miljørådgjevaren i kommunen, lokalkjende grunneigarar, Norges Jeger- og Fiskerforbund og Vest-Bamble elgvald.
I tillegg går vedtaket imot «sterke faglege tilrådingar» frå Fylkesmannen i Telemark og Noregs vassdrags- og energiverk. Ei slik formulering er den sterkaste innvendinga faginstansane kan kome med etter motsegner.
Det omregulerte området dekkjer det meste av det som i dag er eit skogkledd høgdedrag mellom E18 og Osmundsvann, som er del av eit verna vassdrag. Dyrelivet er rikt, noko dei mange spora over isen og i snøen langs vatnet no på vinterstid vitnar om.
Naturvernarar, jegerforbund og faginstansar fryktar for dette dyrelivet når høgdedraget skal sprengjast og planerast ut, nokre stader så nær som 48 meter frå vatnet, ifølgje tal frå kommuneadministrasjonen. Dei som har protestert meiner at det bør vere 100 meter byggjegrense mot vatnet, mellom anna for at elg og hjort framleis skal kome rundt vatnet og ta seg sørover mot kysten. Norges Jeger- og Fiskerforbund Telemark meiner elgen no kan forsvinne heilt frå området. Det er òg skissert som ein risiko frå konsulentgruppa COWI, som har vurdert verknader for naturmangfaldet på oppdrag frå utbyggjaren.
I den vedtekne planframstillinga er den smalare stripa natur som no skal stå att mot vatnet, like fullt omtalt som eit grøntbelte «som vil opprettholde muligheten for at vilt kan ferdes forbi».
Grunneigar Ragnar Andreassen er nabo til området og oppgjeven over det heile.
– Det skal verte litt å finne ut av for elgen, ja, seier han til Dag og Tid.
– Næring vekta sterkare
Plan- og bygningsloven og arealdelen i Bambles eigen kommuneplan har òg eit prinsipp om 100 meters byggjegrense mot vassdrag, utan at det har stoppa kommunestyret. Utbyggjaren argumenterer med at 100-metersgrensa «vil medføre at det går vekk betydelig med næringsareal», og det har fått trumfe sterke faglege råd frå NVE og fylkesmannen.
NVE gav to sterke faglege råd, både om ei byggjegrense på 100 meter og om kva overvassløysing som burde nyttast på næringsområdet. Kommunen såg vekk frå begge.
Seniorrådgjevar Astrid Flatøy seier at NVE ikkje fremja motsegn i saka fordi det ikkje er absolutte krav i lovar og forskrifter verken til avstand til vatnet eller til val av overvassløysing.
– I utbyggingar som gjev fare for skred eller flaum, har vi tydelege retningsliner og forskrifter å gå etter, men når det gjeld konsekvensar for vassdragsmiljø, er det meir basert på skjønn. Det er difor opp til kommunen om dei vil leggje vekt på miljøinteressene. Det kommunale sjølvstyret står sterkt. I skjønnsvurderingar som dette vert næringslivet ofte vekta sterkare enn miljø- og naturinteresser.
Har ikkje oversikt
Kommunar flest følgjer oftast dei faglege råda NVE gjev. Det er i alle fall inntrykket NVE har, ifølgje Grete Helgås, direktør for skred- og vassdragsavdelinga. Ho stadfestar likevel at NVE ikkje driv systematisk registrering av dette og såleis ikkje har detaljert oversikt.
Det er ikkje eineståande for NVE. Assisterande fylkesmann Gunnar Hæreid ved Fylkesmannen i Vestland stadfestar at dei heller ikkje har oversikt over kva faglege råd kommunane følgjer og ikkje.
«Det mangler nasjonal oversikt over hvilke konsekvenser dagens arealforvaltning har for verdiene som skal ivaretas», skreiv Riksrevisjonen i 2007. SSB har heller ikkje nasjonale tal for kva typar areal som endrar status frå år til år.
Ikkje merksam
Politikarane i Bamble har gått inn for utbygging ved Langrønningen fordi området ligg tett på det som vert eitt av to komande avkøyringskryss frå nye E18. For dei har det vore viktig å syte for å få mest mogleg handels- og næringsaktivitet ut av området, seier ordførar Hallgeir Kjeldal (Ap). Såleis har kommunen òg vedteke å leggje til rette for ein vidare type handel i området enn den Statens vegvesen og Fylkesmannen i Telemark tilrådde.
I Grenlandsområdet er det forbod mot store handelsetableringar utanfor byar og store senter. Målet er å unngå å undergrave handelen i kommunesentera og å redusere utsleppa frå transport. Forbodet gjev unntak for handel «der den dominerende delen av vareutvalget er biler, båter, landbruksmaskiner, trelast og større byggevarer, samt utsalg fra hagesentre og planteskoler».
Regionalplanar er derimot ikkje juridisk bindande for kommunane, og i reguleringsplanen for Langrønningen er det lagt inn eit lite ord som utvidar unntaket til også å gjelde handel med varer «til» bilar, båtar, landbruksmaskinar, trelast og større byggjevarer. Vedtaket opnar dermed for detaljhandelsfirma som Biltema og verktøybutikken SG Handel, som utbyggjaren av området alt har kontraktar med.
Fylkesmannen i Telemark vart fyrst gjord merksam på det meiningsendrande ordet ein dryg månad etter å ha sendt inn sine merknader, og då vart det vurdert som for seint å kome med motsegn. Det fortel underdirektør Ingvar Oland i miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen.
– Eg vil tru vi elles hadde gått til motsegn i saka, seier han.
Nær samstundes fremja Fylkesmannen i Telemark motsegn i ei liknande sak i Porsgrunn kommune. Den saka er no til mekling, medan Fylkesmannen står utan heimel til å klage på vedtaket i Bamble, ifølgje plansjef Fred-Ivar Syrstad hjå nye Fylkesmannen i Vestfold og Telemark.
Ordførar Kjeldal meiner det er tull at denne typen handel på Langrønningen kan undergrave handelen i sentrum av kommunen.
– Det er ikkje snakk om detaljhandel og kolonial, men om plasskrevjande varer som treng areal. Slik handel ville ikkje lege i sentrum uansett, seier han.
Arbeidsplassar og løft
Den private aktøren som er utbyggjar på Langrønningen, har ikkje lagt skjul på at han ønskjer å ekspandere. Han har alt sikra seg avtalar med grunneigarar som gjer at området kan utvidast til 900 mål på sikt, har han fortalt avisa Varden.
Ifølgje Kjeldal er det for tidleg å seie om det vert aktuelt. Han håpar i fyrste omgang at næringsområdet det no er regulert for, skal gje eit løft for det spreiddbygde området rundt Langrønningen, seier han.
– Får vi den typen etablering dei som byggjer ut området ser føre seg, kan vi fort snakke om over hundre arbeidsplassar her, og det vil bety mykje.
Skulle det syne seg at viltlivet i området vert merkbart redusert, er han ikkje med på at det er næringsområdet si skuld.
– Det er vegen tvers gjennom kommunen som er den største fienden for viltet. Mot den totale verknaden av E18-utbygginga kjem effekten av næringsområdet på Langrønningen til å vere marginal, seier Kjeldal.
– Verdilaus korridor
Då nye E18 vart planlagd, vart det gjort utgreiingar av konsekvensane for viltlivet og vedteke å byggje elleve viltovergangar på vegen gjennom Bamble. Og her er vi ved ein annan interessant detalj i saka:
Ein av desse viltovergangane er på Langrønningen, nær 800 meter vest for der avkøyringskrysset frå E18 og næringsområdet no vert liggjande. Denne overgangen har ifølgje Nye Veier ein kostnad på 40 millionar kroner.
Når kommunen no har omregulert det meste av området på nordsida av Osmundsvann, der viltet plar ferdast etter kryssinga av E18, meiner naturvernarar og jaktforbund at viltkorridoren kan kome til å verte verdilaus.
Men dette vart det ikkje gjort konsekvensanalysar av før reguleringsplanen vart vedteken.
Kjell Magnar Haugen er nabo til Langrønningen og Osmundsvann. Han skulle ønskje kommunen i det minste hadde kravd ei trinnvis utbygging, for å sjå an konsekvensane av og behovet for næringsområdet før høgdedraget vert lagt i grus. Fylkesmannen tilrådde òg det, utan å få gehør.
– Kva om dei no ikkje får det til, og det ikkje er interesse for eit stort næringsområde her, men området likevel vert gjort om til eit månelandskap? Dette er natur som aldri kjem tilbake, seier Haugen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Faren er at vern av jord, biologisk mangfald, natur- og friluftsområde taper terreng.
Fredrik Holth, dosent ved NMBU
Fleire artiklar
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.
Foto: Lise Åserud / NTB
Språkfag i spel
Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.
I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Om Gud og lausriving
Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.