Sideblikk

Arbeidarpartiet utan vaktmeister

Støre er kvitt gnagsåret Giske, men har til gode å syna at han sjølv er styringsdyktig.

Trond Giske på veg inn til årsmøtet i Trøndelag Arbeiderparti i Trondheim laurdag. Dagen før vart det kjent at han trekte seg frå politikken.
Trond Giske på veg inn til årsmøtet i Trøndelag Arbeiderparti i Trondheim laurdag. Dagen før vart det kjent at han trekte seg frå politikken.
Publisert Sist oppdatert

Trøndelag arbeidarparti minutt for minutt blei ikkje koseleg feel-good-TV; det var meir thriller og reality-show i sjangeren «kven skal ut» før den grande finalen. Det var meir spennande enn då fylkespartimøta i Kristeleg Folkeparti på manipulativt vis slost om partihjarta låg på høgre eller venstre side av perleporten.

Då «æ å» endeleg kom til Trøndelag, var det ikkje som ein avleggar av det den urbane metoo-eliten i oslobobla hadde halde på med og masa om. Den bossete og trakasserande partikulturen sprakk då han blei løfta ut av bøttekott og nachspiel med karsk og kåte karar. Då dramaturgien blei sosialt mediedriven og enda i sjølvpisking og gjørmebryting mellom gamal og ung, nord og sør i fylket og internt i Trondheim, gjekk den trønderske forsvararhæren i oppløysing, og partiets ukulturminister, trønderske edderkopp og nattas konge fall i slaget ikkje langt frå Stekksta. I smerte ligg det mange skamfulle, såra og politisk skuldige att på valen, medan somme av dei overlevande vaklar og varslar vidare.

Vertinna trur ikkje merket vil stå etter at mannen stupte. Ho tvilar også på om det vil stiga fram ein ny helgenkonge som får storslagne, samlande og transparente kjerker bygde til si ære.

Då den mytiske Jiske måtte innsjå at slaget var tapt, at han ikkje hadde krav på ein ny sjanse, at det ikkje blei ei ny oppstode, tok han det som ein kulturmann. Det gjorde godt for ettermælet at han heldt ein kjensleladd, retorisk velforma og forsonande avskilstale om kjærleiken til Partiet. Han skal ha honnør for å trekka fram eit vemodig vakkert dikt av den briljante, ambivalente, pessimistiske og suicidale Tor Ulven (1953-1998), som sjølv kalla tekstane i Søppelsolen (1989) «memorabilia»:

Sitt hos meg

kjære, fortell

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement