Sideblikk
Arbeidarpartiet regjerer i mindretal
Stabile fleirtal er eit unntak. Senterpartiet trivst best når dei kan hestehandla med fleire.
Etter valet i 2005 gjekk Arbeidarpartiet for første gong inn i ei koalisjonsregjering. Partileiarane Liv Signe Navarsete (Sp), Jens Stoltenberg (Ap) og Kristin Halvorsen (SV) summerte opp dei fire første regjeringsåra før ferien i 2009.
Foto: Knut Falch / NTB
Politiske kannestøyparar legg kabalar med ulike konstellasjonar dersom regjeringa Solberg fell etter valet til hausten. Det skjer dersom Høgre og juniorpartnarane ikkje lenger har fleirtal på Stortinget saman med Framstegspartiet som slit i nasjonalkonservativ motbakke utan innvandring.
Mange av kabalane er ikkje eingong alternative fakta, men hypotetiske spekulasjonar for å skremma veljarar med kaos på den andre sida, med kommunisme, veganisme, fossilisme og sylvilisme.
Slik det ser ut nå, går det mot regjeringsskifte, men det er uklart kva som kjem i staden for Solberg, også før ein har rekna inn lagnaden for småpartia på sperregrensas gravkant.
FOR BYRÅSJEFEN er det eitt feitt kva valresultatet blir, berre det kjem ei fleirtalsregjering ut av kaoset. Stabile fleirtalsregjeringar er alltid det beste for land og folk, og ikkje minst for Forvaltninga. Då er sakene i boks når departementa har gjort sitt og fått det konfirmert i regjeringa. Då vinn det langsiktige utan at det blir rota til i Stortinget.
Byråsjefen kunne for så vidt ha skrive under på det ein kommentator målbar i Aftenposten: «Av og til kan man ønske seg at Arbeiderpartiet og Høyre gikk i koalisjonsregjering sammen så det kunne bli litt vei i vellingen. En styringsdyktig og økonomisk ansvarlig koalisjon, uten konsesjoner i øst og vest, det hadde vært noe. De to partiene er jo dessuten enig om det meste.»
For Forvaltninga hadde det vore ei god løysing, men Byråsjefen er politisk realist og ikkje utopist, så han innser at ein kommentator som skriv slik, må ein avskriva.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.