Arbeidaren, kapitalen og automatspøkelsa
Det går eit spøkelse gjennom verda – robotspøkelset.
Robotane kjem: Frykta for at robotane skal ta frå oss jobbane, grip om seg. Illustrasjon frå filmen Terminator
Åtvaringane har vi høyrt lenge, men no kjem dei tettare enn før: Robotane kjem og tek jobbane våre. I ei nær framtid kjem store delar av arbeidsstyrken til å bli overflødig, fordi datateknologi no lèt maskiner gjere arbeidet billegare, raskare og betre enn vi menneske maktar. Og fordi maskinene blir stadig meir avanserte, kan dei ta over stadig meir komplekse arbeidsoppgåver. Frykta kjem til uttrykk i engelskspråklege bestseljarbøker med titlar som Rise of the Robots og Humans Need Not Apply, og robotane spøker i økonomitidsskrifta.
Også Microsoft-grunnleggjar Bill Gates er uroleg. I eit intervju i nettavisa Quartz i februar tok han til orde for ein ny skattepolitikk for å takle innmarsjen til robotane. Ein robot som tek over jobben til eit menneske i ein fabrikk, bør skattleggjast, meinte Gates. Skatten skal dels seinke automatiseringa, dels finansiere anna sysselsetjing for dei robotane tek jobben frå.
Når den tidlegare toppsjefen for eitt av dei største teknologiselskapa i verda tek til orde for nye skattar for å bremse den tekniske utviklinga, har uroa nådd langt.
Makelaus utfordring
Den same uroa merkar vi òg i Noreg. «Fallende yrkesdeltakelse og økt automatisering fører til en utfordring vi ikke har sett maken til», sa Vibeke Hammer Madsen, sjef i arbeidsgjevarforeininga Virke, til Dagens Næringsliv 9. februar. Sidan 2008 har sysselsetjinga i Noreg falle frå 72 til 67 prosent, og blant menn frå 25 til 29 år er fallet i sysselsetjingsgrad på heile ti prosentpoeng. Kor mykje av dette som skuldast automatisering, er uvisst. Men maskinene har nok ein del av skulda for at jobbar blir borte.
Og det kan bli mykje verre. Ein tredjedel av dagens jobbar i SSB er truga av automatisering dei neste 20 åra, heitte det i ein studie som SSB laga i 2015. Denne bygde på tilnærminga i The Future of Employment, ein mykje sitert studie som Oxford-forskarane Frey og Osborne la fram i 2013. Dei kom fram til at nær halvparten av dagens jobbar i USA stod i fare for å bli overtekne av maskiner i løpet av dei neste 20 åra.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.