Forsvarar streiken
– Somme gonger må vi setje foten ned, og no var det det einaste rette å gjere, seier Silje Naustvik i Norsk Sykepleierforbund om streiken.
Foto: Sunniva Tonsberg Gaski
Samtalen
Silje Naustvik
nestleiar i streikeleiinga i Unio
Aktuell
Den nyleg avslutta streiken
Samtalen
Silje Naustvik
nestleiar i streikeleiinga i Unio
Aktuell
Den nyleg avslutta streiken
eva@dagogtid.no
Storstreiken blant lærarar, sjukepleiarar, barnehagelærarar, bibliotekarar og fysioterapeutar vart avbroten av tvungen lønsnemnd. Silje Naustvik er nestleiar i streikeleiinga i Unio, som er hovudorganisasjon for universitets- og høgskuleutdanna, og nestleiar i Norsk Sykepleierforbund (NSF).
– Kva har de oppnådd ved å streike?
– Det vi definitivt har oppnådd, er merksemd rundt det store samfunnsproblemet det er at vi ikkje klarar å rekruttere og ta vare på tilsette med høg kompetanse i kommunal sektor.
– Har rekrutteringsproblem fyrst og fremst med løn å gjere?
– Nei, det har med fleire ulike faktorar å gjere, men nett dette lønsoppgjeret er eit mellomoppgjer, og då er det berre løna vi kan forhandle om.
– Var det rett tid å gå ut i streik med tanke på at det var eit mellomoppgjer, og at vi framleis er i ein slags unntakstilstand med press på helsesystemet og skular som har vore stengde ved fleire høve på grunn av pandemien?
– Eg trur aldri det passar å gå i streik, og vi får alltid kritikk for å gjere det. Det er fordi yrka vi representerer, jobbar tett på folk, som elevar, pasientar eller pårørande. Når sjukepleiarar og lærarar ikkje kjem på jobb, merkar ein det godt. Sjølvsagt er det ekstra krevjande å streike i ein pandemi, fordi vi jobbar med dei som er ekstra utsette, men nokre gonger må vi setje foten ned, og no var det det einaste rette å gjere.
– LO, YS og Akademikarane godtok eit lønstilbod frå KS. Kva gjer at det som var godt nok for dei, ikkje er godt nok for dykk?
– Dei må svare for seg, men vurderinga vår var at vi treng ein klar reallønsvekst. Det arbeidsgjevaren kom med, var 2,8 prosent auke, som svarar til den venta prisveksten i år, så det var i realiteten null i reallønsvekst. Medlemmene våre, som er dei med høgare utdanning i offentleg sektor, har òg nokre utfordringar som er spesielle. Ein av fem sjukepleiarar sluttar i yrket innan ti år. Halvparten av lærarane har vurdert å slutte eller har søkt ny jobb, og berre éin av ti sjukepleiarstudentar seier dei vil jobbe i kommunal sektor.
– Men kor stor betydning ville meir løn hatt her?
– Det er jo løn vi betalar husleige og mat med. Og løn handlar om verdsetjing. Dette er i tillegg kvinnedominerte yrke som har dårlegare løn enn privat sektor. Løn er både symbolsk og har noko å seie i kvardagen til folk. Det er openbert. For alle andre er jo løn noko å lokke med for å få nokon til å verte verande i jobben.
– Kva ville vore eit tilstrekkeleg lønstilbod til at de hadde avbrote streiken sjølve?
– Det kan eg ikkje gje noko svar på i kroner og øre, men i det minste måtte vi ha sett at det var vilje til å møte oss på vegen. Det har det ikkje vore.
– Korleis vurderte de konsekvensane for dei som vart råka av streiken undervegs?
– Vi prøvde å ta så mykje omsyn som mogleg. Dessutan kunne arbeidsgjevaren søkje om dispensasjon. Vi fekk inn nær 4000 søknader om dispensasjon.
– Kor mange vart godkjende?
– 80 prosent. Søknadene gjaldt både helse- og utdanningssektoren. I tillegg gjer vi alltid unntak andsynes grupper vi meiner bør skjermast, som dei innan psykiatri og rus. I denne omgangen skjerma vi òg covid-19-arbeid, og vi prøver å skjerme dei mest sårbare barna. Så det er ein ansvarleg streik.
– Men de gav ikkje dispensasjon til gjenvinningsanlegget i Fredrikstad, som så førte til tvungen lønsnemnd?
– Nei, den vart avvist fordi vi meinte det ikkje var grunnlag for dispensasjon. Men då brannvesenet kom til ein annan konklusjon, gav vi dispensasjon med det same, og det skjedde to timar før vi vart innkalla til tvungen lønsnemnd. Så KS hadde høve til å akseptere dispensasjonen, men det kan sjå ut som dei leitte etter høve til å avslutte streiken.
– No skal Stortinget ta stilling til bruken av tvungen lønsnemnd. Kva tenkjer de om det?
– Det vert ein viktig diskusjon, for det ser ut som at same kva vi i offentleg sektor gjer, så klarar vi aldri å få meir enn lønsramma frontfaga set. Og det er ei stor utfordring dersom vi ikkje klarar å bruke forhandlingssystemet til å løyse store samfunnsproblem som det å rekruttere og ta vare på medarbeidarar til kommunal sektor, så den debatten ønskjer eg velkommen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi prøver å skjerme dei mest
sårbare barna.
Fleire artiklar
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Eldspåsetting og steinkasting i Ramels veg i Rosengård i Malmö. Ivar Hippe har intervjua innbyggarar i utsette bydelar i Vest-Sverige.
Foto: Johan Nilsson / TT / AP / NTB
– Det kjem til å bli stygt
Ivar Hippe fekk lyst til å sjå nærmare på dei svenske tilstandane. Etter tre års arbeid er Sverige 2024: Beretninger om et land i krise her. Staten må ta styring, seier han.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»