Apple og fruktene av skattekuttSkattekutta til republikanarane gagnar Apple, ikkje arbeidsfolk i USA.

Skattekutta til republikanarane gagnar Apple, ikkje arbeidsfolk i USA.

Selskapet har framleis ikkje noko verkeleg insentiv for å endre åtferd ved til dømes å byggje nye Apple-utsal, som her i Mumbai i India.
Selskapet har framleis ikkje noko verkeleg insentiv for å endre åtferd ved til dømes å byggje nye Apple-utsal, som her i Mumbai i India.Selskapet har framleis ikkje noko verkeleg insentiv for å endre åtferd ved til dømes å byggje nye Apple-utsal, som her i Mumbai i India.
Publisert

Republikanske kandidatar har nesten slutta å snakke om skattekutta frå 2017, den einaste verkeleg viktige lovendringa partiet har fått gjennom under Donald Trump. Skrytereklamane om den nye skattelova er knapt å sjå lenger. Men Koch-brørne – iherdige forkjemparar for skattekutta og blant dei som tener mest på dei – har ikkje gjeve opp (Charles og David Koch eig industrikonsernet Koch Industries, red. merk.). Det siste trekket deira er å bruke 20 millionar dollar på å rekruttere ein hær av seljarar som går frå dør til dør for å fortelje veljarane at skattekutta ikkje var ei gåvepakke til dei rike med små vinstar for arbeidarar flest.

Men dei har eit problem: Den allmenne oppfatninga av kven som tener på skattekutta og kven som ikkje gjer det, er korrekt. Det poenget vart tydeleg understreka da Apple nyleg gjorde eit stort tilbakekjøp av sine eigne aksjar.

For ordens skuld: Ideen om at eit stort skattekutt for selskapa, som var hovudelementet i den nye skattelova, på sikt kan kome arbeidarane til gode, er ikkje heilt absurd. Men nøkkelorda her er «kan» og «på sikt».

Slik legg tilhengarane av skattekutta fram denne forteljinga: USA er del av ein global kapitalmarknad der kapitalen flyt dit han gjev den største avkastninga etter skatt. Ved å kutte skattane har Trump og hans allierte gjeve selskap eit insentiv til å investere i USA. Investeringane kjem til å auke produksjonskapasiteten, drive opp etterspurnaden etter arbeidskraft og dermed føre til høgare løner.

Og ei lita stund såg Apple ut til å følgje dette manuset. I januar fortalde selskapet at det ville flytte heim til USA storparten av dei 252 milliardane dollar i kontantar som selskapet hadde plassert i andre land.

Men kva vil det seie å «flytte pengar til USA»? Apple hadde ikkje ein enorm Onkel Skrue-binge med gull i Irland som kunne lastast om bord på eit skip og sendast heim. Selskapet har digitale fordringar – nokre nullar og eittal på ein dataserver ein stad – med ein merkelapp der det før stod: «Desse pengane er i Irland.» No har Apple endra merkelappen slik at det i staden står: «Desse pengane er i USA.» Kva er skilnaden?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement