Apologiar for AssadDen prislønte journalisten Robert Fisk ser ut til å ha valt side i Syria. Robert Fisk,

Den prislønte journalisten Robert Fisk ser ut til å ha valt side i Syria.

Den britiske midtaustenjournalisten Robert Fisk då han lanserte den franske utgåva av boka si.
Den britiske midtaustenjournalisten Robert Fisk då han lanserte den franske utgåva av boka si.
Publisert

Robert Fisk, Midtausten-korrespondenten til den britiske avisa The Independent, har i mange år hatt status som ein av dei store internasjonale journalistane og ei av dei beste kjeldene til kunnskap om kva som skjer i Midtausten. Fisk er kunnskapsrik, skarp, analytisk og elegant i stilen, og i mange år var det ingen grunn til å tvile på at skrifta hans var uavhengig. Han var krass i kritikken av nesten alle aktørane i konfliktane i Midtausten, inkludert diktaturet i Syria. Ved utbrotet av borgarkrigen i 2011 skreiv Fisk om dei «væpna bandane og mordarane» til Assad.

Men i løpet av dei siste seks åra har artiklane hans frå den syriske borgarkrigen blitt langt meir forsonlege i omtalen av det syriske regimet og hæren. I sommar har The Independent hatt ein serie med Fisk-reportasjar frå Syria, og i Noreg har artiklane vore publiserte i Klassekampen. Her får lesaren bli med på tur med den syriske hæren, og den normalt så kvasse Fisk er merkeleg mild i omtalen av følgjesveinane sine. Vi får høyre om korleis hæren fordriv styrkane til IS, korleis regimet byggjer opp att den øydelagde minareten i Aleppo, og heroiske soger om soldatar som har ofra livet i kampen for Syria.

Høg stjerne

Til vestleg journalist å vere har Fisk tydelegvis ei uvanleg høg stjerne hos Assad-regimet. I 2012 fekk han tilmed bli med for å møte fangar i eitt av militærfengsla – alle saman islamistar, høveleg nok. Fleire av fangane fortalde om god behandling i forhøyra. Ein av dei erklærte seg glad for å ha blitt arrestert. Ingen stad i artikkelen drøftar Fisk motiva til regimet for å sleppe han inn i fengselet, eller kvifor ingen andre vestlege journalistar har fått ei slik ære. Men det finst andre soger om syriske fengsel. Ein rapport Amnesty International la fram sist desember, tyda på at kring 13.000 menneske, mange av dei politiske opposisjonelle, vart avretta berre i Saydnaya-fengselet utanfor Damaskus mellom 2011 og 2015.

Dei aller fleste kjeldene Fisk siterer i Syria-dekninga si, er frå hæren eller andre delar av regimet. Kontrasten til dekninga hans av dei andre partane i krigen er slåande: Om han har kontaktar blant opprørsgruppene, viser det ikkje att i tekstane. Opprørarane blir anten fordømde som brutale islamistar av Fisk, eller dei blir latterleggjorde som mislukka reiskapar for USA. Verre er det at sivilbefolkninga òg kjem heilt i bakgrunnen i dei fleste reportasjane hans.

Få heltar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement