Helse
Antibiotikabruk i spel
Antibiotikatypar som har vore med på å sikre låg resistens i Noreg, er vortne vanskelegare å få tak i. Enkelte har forsvunne frå marknaden.
Mangelvarer på apoteka er den nye normalen. I fjor vart det meldt om 1579 forsyningsavbrot for legemiddel, eit tal som er rekordhøgt.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Det er ikkje ofte eg har behov for hostesaft, men i fjor sommar hadde eg det. Etter fleire søvnlause netter og forsøk med det eine hostedempande reseptfrie middelet etter det andre, gjekk eg til legen og bad om skikkeleg kost. Hostesaft med morfin, takk.
Og eg fekk resept, men ikkje særleg mykje ut av han. Cosylan hostesaft var utseld hjå alle apotek. Alternativet Solvipect Comp fanst tilgjengeleg éin stad, men den kunne eg ikkje få utan ny resept, og dette var ein fredag kveld. Og litt seinare vart det tomt for denne òg.
Dette kunne vore ei tilfeldig hending. Men no ser det meir og meir ut som at mangelvarer på apoteka er den nye normalen. Og ikkje berre for Cosylan hostesaft, som det jo går å klare seg utan, men for ei heil rekkje med legemiddel, også av meir kritisk art.
Berre etter nyttår har Statens legemiddelverk varsla om brot i forsyninga av til dømes tablettar til akuttbehandling ved migreneanfall, ein koleravaksine som ikkje er venta tilgjengeleg att før i slutten av april, fleire legemiddel brukte til kreftbehandling, diabetesmedisin og kapslar til å behandle epilepsi og angstlidingar hjå vaksne, og mangel på ulike typar antibiotika, både til vaksne og til barn.
Det store biletet er heller ikkje særleg roande. For talet på avbrot i forsyningar av legemiddel aukar stort sett år for år. I 2019 vart det meldt inn 1250 forsyningsavbrot, som var nær ei dobling frå 2018. I fjor var talet oppe i 1579, som er rekordhøgt. Ikkje alle varslar om forsyningsproblem endar i mangelsituasjonar, men fleire gjer det. Rundt juletider vart det til dømes meldt om nasjonal mangel på penicillinmiksturar for barn, samstundes som det var utbrot av skarlaksfeber fleire stader i landet.
Færre alternativ
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.