Sideblikk

Anniken Huitfeldts faste binding

Den store koalisjonens lojalitet til Nato og USA kjøver det utanrikspolitiske ordskiftet.

Påtroppande utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) og avtroppande utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide (H) på veg inn i ein klem i Utanriksdepartementet 14. oktober.
Påtroppande utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) og avtroppande utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide (H) på veg inn i ein klem i Utanriksdepartementet 14. oktober.
Publisert Sist oppdatert

Hovudlinene i utanrikspolitikken ligg fast, og regjeringa skal streva etter å ta vare på norske interesser. Det er den gjenkjennelege og omfamnande bodskapen frå plattforma i Hurdalssjøen.

Ine Marie Eriksen Søreide (H) og Anniken Huitfeldt (Ap) byter berre plass. Mot parlamentarisk kutyme går den avgåtte statsråden inn som leiar av Stortingets fagkomité på same saksfelt. Rollebytet stadfestar den store koalisjonen.

DET UTANRIKSPOLITISKE ordskiftet går på sparebluss og er embedded i det hjernedaude Nato og USAs skrantande verdshegemoni. Men me held oss med gamle plater frå His Master’s Voice. Noreg er som ein lettbåt på slep etter eit amerikansk hangarskip, med ein fregatt lånt bort til storebror som vil rula alle hav.

Den innbilte fredsnasjonen vil vera ein påliteleg visargut for USA på stadig fleire «omforente områder». Men NB: Kall det ikkje basar. Det gjekk eit tiår før styremaktene kalla engasjement, fredsbevaring og kvinnelikestilling i Afghanistan «krig» for eit norsk publikum.

Kva oppnådde me? Etter rapporten frå tidlegare utanriksminister Godal å visa oss som ein god og trufast alliert av USA. Me mista ti av våre beste menn, men det er ikkje gjort greie for kor mange fiendar me klarte «å ta ut», og kor mange sivile som gjekk med på kjøpet.

HUITFELDT-BINDINGEN var ein innovasjon i skisportens heimland, med fast tåjern og lêrreim rundt hælen. I utanriks- og krigspolitikken har det innovert til rottefeller som førte oss til Kandahar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement