Anne Applebaum
Spørsmålet er det same i dagens Polen som i Frankrike i 1890-åra: Kven er det som får definere ein nasjon, og difor får styre nasjonen?
Ein familiemiddag i Paris i 1998 – før og etter at Dreyfus-saka blir nemnd ved bordet.
Illustrasjon: Le Figaro 1898
I den vidgjetne dagboka som han skreiv frå 1935 til 1944, skildrar den rumenske forfattaren Mihail Sebastian eit ekstremt skifte i landet sitt. Som eg var Sebastian jøde; som eg hadde han flest vener på den politiske høgresida.
I dagboka skriv han om korleis den eine etter den andre vart dregen mot fascistisk ideologi, som møll mot ein uimotståeleg flamme. Han fortel inngåande om arrogansen og sjølvtilliten som prega dei etter kvart som dei slutta å identifisere seg som europearar – beundrarar av Proust, reisande til Paris – og i staden byrja å kalle seg erkerumenarar. Han lytta til korleis dei slo om til konspirasjonstenking eller slumpa til å vere vondskapsfulle.
Folk han hadde kjent i mange år, fornærma han rett opp i andletet og oppførte seg etterpå som om ingen ting hadde skjedd. «Er venskap mogleg», undra han i 1937, «med folk som har til felles ei heil rekkje framande idear og kjensler – så framande at eg berre treng å kome inn gjennom døra, så vert dei brått tause av skam og rådløyse?»
Dette er ikkje 1937. Men ei tilsvarande forvandling går føre seg i mi eiga tid, i det Europa eg bur i, og i Polen, eit land eg har fått statsborgarskap i. Og det skjer utan at det er råd å skulde på ei økonomisk krise av det slaget Europa vart råka av i 1930-åra.
Polsk økonomi har vore den mest vellykka i Europa i dei seinaste tjuefem åra. Ikkje eingong etter det globale økonomiske samanbrotet i 2008 opplevde landet nokon tilbakegang. Og flyktningbølgja som trefte andre europeiske land, har ein ikkje merka i det heile teke her. Det er ingen migrantleirar, og det er ingen islamistisk terror, eller terror av noko slag.
Enda viktigare er det at sjølv om folka eg skriv om her, dei nasjonalistiske ideologane, kan hende ikkje har så stor suksess som dei kunne ønskt (meir om det litt seinare), er dei ikkje fattige og rurale, dei er ikkje på noko vis offer for den politiske overgangen, og dei er ikkje ein utarma underklasse. Tvert om, dei er utdanna, dei talar framande språk, og dei reiser utanlands – nett som venene til Sebastian i 1930-åra.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.