Anne Applebaum
Til liks med så mange som set sin lit til konspirasjonsteoriar for å gje meining til tilfeldige tragediar, kan det hende at Jaroslaw Kaczynski rett og slett ikkje kunne akseptere at den kjære bror hans hadde fått ein meiningslaus død.
Etter kvart som undersøkingane av havariet gjekk sin gang, likte ikkje Lech Kaczynski det dei fann. Det var ikkje noko gale med flyet.
Foto: Mikhail Metzel/AP/NTB scanpix
Frå Orwell til Koestler var europeiske forfattarar i det 20. hundreåret besette av ideen om den store løgna. Dei store ideologiske tankemodellane kommunismen og fascismen, plakatane med krav om truskap til partiet eller leiaren, brunskjortene og svartskjortene som marsjerte i formasjonar, dei fakkelopplyste paradane, terrorpolitiet – desse store løgnene var så absurde og inhumane at langvarig vald måtte til for at dei skulle bli innførte, og trugsmål om vald måtte til for at dei skulle bli haldne i hevd. Dei kravde tvungen opplæring, total kontroll med all kultur og politisering av journalistikken, sporten, litteraturen og kunsten.
I motsetnad til dette krev dei polariserande politiske rørslene i det 21. hundreåret mykje mindre av tilhengarane sine. Dei treng ikkje tru på ein fullt utvikla ideologi, og difor treng dei heller ikkje vald eller terrorpoliti. Dei tvingar ikkje folk til å tru at svart er kvitt, krig er fred, og at statlege gardar har oppnådd 1000 prosent av den planlagde produksjonen. Dei fleste av dei spreier ikkje propaganda som er i strid med kvardagens kjensgjerningar.
Og likevel er dei alle avhengige, om ikkje av ei stor løgn, så av det historikaren Timothy Snyder ein gong fortalde meg burde kallast den mellomstore løgna, eller kan hende ei samling av mellomstore løgner. For å seie det på ein annan måte oppmuntrar dei alle følgjarane sine til å – i det minste tidvis – involvere seg i ein alternativ røyndom.
Det hender den alternative røyndomen har utvikla seg organisk, men oftare er han blitt nøye formulert, med hjelp frå moderne marknadsføringsteknikkar, publikumssegmentering og kampanjar på sosiale medium.
Amerikanarane er sjølvsagt kjende med korleis ei løgn kan auke polarisering og framandfrykt: Donald Trump kom inn i amerikansk politikk på ryggen av birtherism – den falske påstanden om at president Barack Obama ikkje var fødd i USA, ein konspirasjonsteori med ei makt som vart monaleg undervurdert på den tida, og som bana vegen for andre løgner, frå «meksikanske valdtektsmenn» til «pizzagate».
Men i Polen, og i Ungarn òg, har vi no døme på kva som skjer når ei mellomstor løgn – ein konspirasjonsteori – vert spreidd først av eit politisk parti som det sentrale programpunktet i valkampen til partiet, og deretter av eit styrande parti med heile makta til eit moderne, sentralisert statsapparat bak seg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.