Anne Applebaum

Til liks med den polske regjeringa fremjar den ungarske staten ei mellomstor løgn: Han pumpar ut propaganda som legg skulda for problema i Ungarn på ikkje-eksisterande muslimske migrantar, EU, og – som nemnt tidlegare – George Soros.

Publisert

Mária Schmidt var ikkje på den tidlegare omtala nyårsfesten min i 1999 i Chobielin, herregarden i Nordvest-Polen, men eg har kjent henne lenge. Ho inviterte meg til opninga av Terror Háza – Terrorhuset – i Budapest i 2002, og eg har vore meir eller mindre i kontakt med henne heile tida sidan då. Museet, som ho er leiar for, utforskar historia om totalitarismen i Ungarn, og da det opna, var det eit av dei mest nyskapande nye musea i den austlege delen av Europa.

Heilt frå opningsdagen har museet òg fått beisk kritikk. Det var mange som ikkje likte det første rommet, der det var eit panel av fjernsynsapparat som viste nazipropaganda, og eit tilsvarande panel på den motsette veggen som viste kommunistpropaganda. I 2002 var det framleis eit sjokk å sjå dei to regima samanlikna – sjokket er kan hende mindre no. Andre meinte at museet gav for lite vekt og rom til brotsverka frå fascismen, sjølv om kommunistane styrte Ungarn mykje lenger enn fascistane og dermed gjev meir å syne fram.

Eg likte at museet viste vanlege ungararar som samarbeidde med begge regima. Eg tenkte det kunne hjelpe Ungarn til å innsjå ansvaret for eigen politikk og unngå den trongsynte nasjonalistfella det er å gje utlendingar skulda for problema.

Men det er nett denne trongsynte nasjonalistfella Ungarn no har gått i. At Ungarn litt forseinka ser med ope blikk på den kommunistiske fortida si ved å etablere museum, halde minneseremoniar og namngje brotsmenn, hjelpte ikkje, som eg trudde det ville, til å sementere respekt for rettsstat, avgrensing av statleg makt og pluralisme.

Tvert om. 16 år etter opninga av Terror Háza godtek ikkje det styrande partiet i Ungarn avgrensingar av noko slag; dei har gått mykje lenger enn Lov- og rettferdspartiet i å politisere statlege medium og øydeleggje private. Det siste oppnår dei ved hjelp av trugsmål og blokkering av tilgangen til reklame.

Dette har skapt ein ny forretningselite som er lojal mot Orbán. Ein ungarsk forretningsmann som føretrekte å vere anonym, fortalde meg at kort tid etter at Orbán tok over regjeringsmakta, kravde regimekompisar at han skulle selje dei selskapet sitt til låg pris. Då han nekta, sytte dei for «skatteinspeksjonar» og andre former for trakassering, så vel som ein serie med trugsmål, noko som tvinga han til å leige livvakter. Til slutt selde han det han eigde i Ungarn, og forlét landet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement