Anne Applebaum

I den illiberale staten er det svært vanskeleg å halde personlege og politiske motiv frå kvarandre.

Jacek Kurski, direktøren for det polske statlege fjernsynet og sjefideologen til den polske illiberale staten. Han starta på same stad på same tid som broren, Jaroslaw Kurski, som er redaktør for den største og mest autoritative liberale avisa i Polen. Dei er to sider av same mynt, skriv Anne Applebaum.
Jacek Kurski, direktøren for det polske statlege fjernsynet og sjefideologen til den polske illiberale staten. Han starta på same stad på same tid som broren, Jaroslaw Kurski, som er redaktør for den største og mest autoritative liberale avisa i Polen. Dei er to sider av same mynt, skriv Anne Applebaum.
Publisert

Eit av partiet Lov og rettferds første tiltak i Polen, tidleg i 2016, var å endre lova for offentlege tenestefolk, slik at det vart lettare å sparke profesjonelle og leige inn partitru frilansarar.

Den polske utanrikstenesta ønsker òg å fjerne kravet om at diplomatar skal kunne to framandspråk, eit hinder som var for høgt for mange favoriserte kandidatar. Regjeringa sparka sjefar for polske statsselskap.

Tidlegare hadde folk i desse stillingane i det minste noko røynsle frå regjering eller næringsliv. No er desse jobbane stort sett fylte med medlemar av Lov og rettferd og venene og slektningane deira.

Typisk er Janina Goss, ein gamal ven av Kaczynski-brørne. Den tidlegare statsministeren lånte ein gong ein stor sum pengar av henne, visstnok for å betale for behandling av mor hans. Goss, ein storprodusent av syltetøy og hermetikk, sit no i styret for Polska Grupa Energetyczna, det største energiselskapet i Polen, med 40.000 tilsette.

Du kan gje slikt mange namn: nepotisme, erobring av staten. Men du kan òg nytte positive ord: Det representerer slutten på slike avskyelege omgrep som meritokrati og konkurranse, prinsipp som per definisjon aldri har vore til nytte for dei mindre suksessfulle.

Eit fiksa samfunn utan konkurranse høyrest ille ut om du ønsker å leve i eit samfunn styrt av dei talentfulle. Men om det ikkje er det du er mest interessert i, kva er gale med det da?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement