Angsten og smarttelefonen

I åra da smarttelefonen vart allemannseige, skaut talet på psykiske plager blant tenåringsjenter i vêret. Er det tilfeldig?

Publisert

«Har smarttelefonar øydelagt ein generasjon», spurde den amerikanske sosialpsykologen Jean M. Twenge i eit mykje sitert essay i tidsskriftet The Atlantic i september 2017. Spørsmålet var av det svært spisse slaget – Twenge meinte ikkje å hevde at ein heil generasjon faktisk var øydelagd. Men i dette essayet og i boka iGen, som teksten var henta frå, argumenterer Twenge godt for at det er årsakssamanheng mellom framveksten til smarttelefonane og sosiale medium som Instagram og Snapchat på eine sida, og den ekstremt raske auken i talet på psykiske lidingar blant tenåringsjenter i den vestlege verda.

Apple lanserte den første iPhonen i 2007, og i åra som følgde, vart smarttelefonane noko nær allemannseige. 2012 var første året over halvparten av alle innbyggjarar i både USA og Noreg hadde ein smarttelefon, og i 2013 hadde heile 68 prosent av alle nordmenn ei slik maskin.

Og kring 2012 byrjar talet på psykiske plager blant ungdom –?først og fremst tenåringsjenter – å skyte i vêret både i Europa og i USA. I Noreg er auken markert for depresjon, men enda større når det gjeld angst: Talet på registrerte angstlidingar blant norske jenter i alderen 13 til 19 år vart meir enn dobla frå 2011 til 2020, frå kring 1500 til over 3300, syner tal frå spesialisthelsetenesta. Også spørjeundersøkinga Ungdata viser ei liknande utvikling blant norsk ungdom. Liknande tal finst frå ei rekkje vestlege land i same perioden.

Einsemd og angst

At to ting skjer samtidig, treng sjølvsagt ikkje å tyde at dei har nokon samanheng. Men Jean M. Twenge la i 2017 fram ei rekkje argument for at bruken av smarttelefonar og såkalla sosiale medium faktisk er årsak til psykiske lidingar blant ungdom. Eitt av dei er studiar som viser at jo meir tid tenåringar brukar med smarttelefon, jo meir truleg er det at dei har symptom på depresjon.

Samanhengane kan ha ulik karakter: Ei rekkje studiar viser samanheng mellom bruk av «sosiale medium» og oppleving av einsemd, og einsemd er i sin tur ofte årsak til psykiske plager. Overdriven skjermbruk gjev søvnmangel, som igjen kan føre til angst og depresjon.?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement