Amatørskodespelaren i feil rolleStortinget må ta seg av politikken og overlata det praktiske til folk med fagbrev.
Stortinget må ta seg av politikken og overlata det praktiske til folk med fagbrev.
Olemic Thommessen på Eidsvoll i rekonstruert mannsbunad frå Gudbrandsdalen, med trådar til rokokkomote frå aristokratiet på kontinentet på 1700-talet.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Sverre Lunde Pedersen hadde full tillit og kontroll heilt til han ramla frå laurbærkransen i Amsterdam. Det hadde ikkje stortingspresident Thommessen då han blei tvinga til å gå av frivillig. Han kom dårleg ut i polemikk om politikk og planlegging, så det var eit lenge varsla fall, for han hadde vore ustø og hatt feilskjer i fleire rundar.
Olemic Thommessen er «Høyt lysende Salomos betrodde broder» og frimurar av åttande grad. Det som kunne ha vore eit forvitneleg spor inn i mørk, mafios mystikk, synte seg å vera ein blindveg til stortingsgarasjen. Men tunnelen dit har fått namnet Olemic Thommessens undergang.
OLAF MICHAEL Thommessen er ein røynd amatørskodespelar. Han var styreleiar i Norsk Amatørteaterråd då han fekk ansvaret for Fakkelstafetten og seremoniane under OL på Lillehammer. Etter det produserte han kulturarrangement ved opninga av flyplassen på Gardermoen, Pilegrimsvandring 97 og kongeparets 60-årsfeiring.
Si største rolle som amatørskodespelar hadde Olemic som Thesevs i Shakespeares En midtsommarnattsdrøm på Maihaugen i 1989. Der gifta han seg til overmål – både i stykket og i røynda – med Nina Høstmælingen, som spelte Hippolyta.
Thommessen har også skrive fleire teaterstykke, mellom dei Mot Gulating, som blei framført i Eivindvik ved opninga av 1000-årsstaden i Sogn og Fjordane. Det handla om den lovkunnige Åne som leia Gulatinget då den skrivne lova blei lagd fram for aller første gong.
OLEMIC THOMMESSEN var aktiv for Høgre i lokalpolitikken på Lillehammer. Når han ikkje hadde kulturelle leiarstillingar, praktiserte han som ein middels advokat – som den meir prinsipielt ryddige erkefienden i Høgres stortingsgruppe, Michael Tetzschner.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.