– Alt vi har sagt, har blitt realitetOm vi ikkje hadde følgt kriteria for statsstøtta, ville vi vore fjerna frå budsjettet for lenge sidan, seier Rita Karlsen i
Om vi ikkje hadde følgt kriteria for statsstøtta, ville vi vore fjerna frå budsjettet for lenge sidan, seier Rita Karlsen i HRS.
Rita Karlsen, dagleg leiar i HRS, var ikkje kjend med rapporten frå IMDi før Dag og Tid senda han til henne.
– Dette var interessant lesnad. Dette fortel at dei ikkje likar HRS, og difor vil ha oss ut av ordninga, seier Karlsen.
– I rapporten heiter det at virket til HRS kan bidra til å skape mindre tillit og mindre samfunnsdeltaking i innvandrarbefolkninga – altså det motsette av intensjon med tilskotet?
– Å vere kritisk til dagens innvandringspolitikk er ikkje innanfor. Og kritisk til islam skal ein ikkje vere. Dei som har skrive rapporten, veit openbert ingenting om arbeidet vårt.
– I rapporten står det: «HRS har de senere årene hatt en retorikk som av flere blir ansett som fremmedfiendtlig og muslimfiendtlig.» Er det feil?
– Sjølvsagt er det feil, men eg kan ikkje nekte folk å meine det. Den enorme interessa for HRS viser at det er behov for oss. Men innvandringskritikk blir stempla som framandfiendtleg og muslimfiendtleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.