Alt handlar ikkje om Listhaug
Mahad Abib Mahamud har mista statsborgarskapen sin. Og det er Sylvi Listhaug sin feil, seier norske medium. Der tek dei feil.
I over tretti a°r har innvandringspolitikken vore det mest kjenslevare som tenkjast kan i norsk politikk. Men det kjenslevare sel, det ser vi pa° alle dei store oppslaga i media, særleg om einskildlagnader. Førre helg flamma ordskiftet opp pa° ny. Denne gongen handla det om Mahad Abib Mahamud, som da° han var 14 a°r – om vi skal tru han sjølv – kom til Noreg som einsleg mindrea°rig asylsøkjar. UDI og UNE har teke fra° han statsborgarskapen av di dei meinte han var fra° Djibouti og ikkje fra° Somalia.
TV 2 rydda sendeflata: «Offer for Listhaugs knallharde line», innleidde nyhendeanker Arill Riise saka no fredag. Mahad, som er bioingeniør, hadde mista arbeidsløyvet som ein direkte konsekvens av at han hadde tapt statsborgarskapen. No stod vi føre ein ny personleg tragedie – eller ny og ny, Klassekampen skreiv om saka i fjor va°r.
SINTE POLITIKARAR
Reaksjonane le´t ikkje venta pa° seg: Venstres Trine Skei Grande kunne fortelja at «slik kan vi ikkje ha det». Heikki Holma°s (SV) gjekk knallhardt ut mot Listhaug og sa at det burde vera slik at berre domstolane kunne taka fra° nokon statsborgarskapen. Abid Raja fra° Venstre rykte ut og meinte Listhaug fremja kvardagsrasisme. Thorbjørn Jagland (Ap) gjekk kanskje lengst og skreiv fylgjande pa° Facebook førre sundag: «Minus fem, en meter snø i Swartzwald.» (Sic, Jagland hadde teke bilete av seg sjølv i skiløypa, red.mrk.) «Det ble fire mil, hele tiden eitrende forbannet over at man gjør folk statsløse uten lov og dom. Har man glemt Nansenpassene? De ble gitt til dem som ble statsløse etter 1. verdenskrig. 500.000 fikk slike pass og 50 nasjoner anerkjente dem. Det var i en tid da de fleste nasjoner var utarmet etter krigen. Men de hadde plass til de statsløse. Hva na° rike Norge?»
SINTE JURISTAR
Politikarane var ikkje a°leine om a° reagera. Ba°de strafferettsadvokatane John Christian Elden og Mette Yvonne Larsen gjorde seg til ekspertar pa° folkerett og kunne fortelja at Mahamud-saka var eit brot pa° dei europeiske menneskerettane og at Noreg ikkje hadde lov til a° gjera norske statsborgar statslause. Dei fekk støtte hja° jussprofessor Mads Andenæs, som i fjor tapte ei sak i Høgsteretten – om asyl. Han hevda at det var brot ba°de med den norske grunnloven og dei europeiske menneskerettane for Noreg a° senda ein afghansk barnefamilie attende til Afghanistan. Det sa Høgsteretten at det ikkje var.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.