Alle parti må ha sine indre røysterKrF er i lagnadstung strid om partisjela. Vekkeropa i partiskogen gir uklare svar.

KrF er i lagnadstung strid om partisjela. Vekkeropa i partiskogen gir uklare svar.

Torbjørn Røe Isaksen og Kåre Willoch har samla politiske samtalar i ei ny bok.
Torbjørn Røe Isaksen og Kåre Willoch har samla politiske samtalar i ei ny bok.
Publisert

Høgres privatpraktiserande tenketank, lærarsonen Torbjørn Røe Isaksen, har samtalt i 20 timar med Kåre Willoch om politikk og ideologi. Resultatet er Alt med måte. Forlaget presenterer boka som «årets viktigste og morsomste», og forfattarane som «et stigende stjerneskudd» og «den politiske legenden». Hos Lindmo møttest dei til elskverdig prat med litt innlagd rølp.

Den vitale Kåre Willoch har fylt 90 til allmenn jubel. I hornet på veggen er han vital, retorisk frisk og meiningstung om barnetrygd, klima, Palestina og ymist anna. Medan han tolkar og pussar på forteljinga om rikets tilstand då alt gjekk så mykje betre.

Vertinna forstår hyllinga, men kan styra seg, for ho minnest Willoch som ein urbant høgnasa, betrevitande og ganske nedlatande debattant. Ho sluttar seg til omgrepet «gamal heidersmann», men minner om at det blir dei fleste pågåande og kranglevorne plageånder som lever lenge nok.

TORBJØRN RØE ISAKSEN har som politisk truvedkjenning at Høgre-folk alltid må lytta til «den indre willochen i seg». Kva ville Willoch ha tenkt, sagt og gjort, han som var «fanatisk moderat», insisterte på balanse og åtvara mot «utgiftspartiene»? Det var den Willoch som slost drabeleg mot fru Brundtlands ansvarsløyse, som vanvørde Anders Lange og ville oversjå Carl I. Hagen. Nå sluker han børsta Frp-kamelar medhårs og er djupt såra og vonbroten over Hareides borgarlege svik.

I Høgre er Kåre Willoch i ei særstilling, sjølv om nokre vil ha med John Lyng i æresgalleriet, han som med sin rause og omgjengelege stil var den Høgre-leiaren som klarte å samla dei borgarlege partia – noko den tids Willoch aldri kunne ha makta.

ALLE PARTI HELD SEG med stolte forgjengarar frå gode gamle dagar. Dei ikjøtar partisjela og blir brukte som vegvisarar. I Arbeidarpartiet ruvar landsfaderen Einar Gerhardsen, men også Gro Harlem Brundtland i slalåmkøyrande mindretal. Senterpartiet har Per Borten, sjølv om det verken i samtid eller i ettertid er særleg klart kva den indre borten var. Barnebarnet Ola Borten Moe fører arven vidare med det han kallar «situasjonsbestemt pragmatisme».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement