All makt til fantasien

I QAnon-universet er det meste mogleg. Mange av konspirasjonsteoriane frå USA har fått fotfeste også i Noreg.

QAanon-tilhengaren Jake Angeli under ein demonstrasjon til støtte for Donald Trump i Phoenix i Arizona 5. november i fjor. Sist veke vart Angeli verdskjend gjennom fotografia frå storminga av kongressbygningen i Washington.
QAanon-tilhengaren Jake Angeli under ein demonstrasjon til støtte for Donald Trump i Phoenix i Arizona 5. november i fjor. Sist veke vart Angeli verdskjend gjennom fotografia frå storminga av kongressbygningen i Washington. QAanon-tilhengaren Jake Angeli under ein demonstrasjon til støtte for Donald Trump i Phoenix i Arizona 5. november i fjor. Sist veke vart Angeli verdskjend gjennom fotografia frå storminga av kongressbygningen i Washington.
Publisert

Demonstrantane som storma Kongressen sist veke, var ein brokete gjeng. Men ein del av dei var tilhengjarar av eit mystisk fenomen kalla QAnon. Forfattar og journalist Øyvind Strømmen har brukt mykje tid på å studere ekstreme rørsler på nettet.

– Kan du forklare med eit par setningar kva QAnon er for noko?

– Det er ikkje så lett. Men dette er eit konspirasjonsteoretisk univers, der grunnførestellinga er at det finst ei kjelde kalla Q på innsida av Trump-administrasjonen. Q legg ut kryptiske meldingar som går inn i ei forteljing om ein hemmeleg krig mellom Donald Trump og djupstaten. Dette er blanda med førestillingar om at leiande demokratar og etterretninga er involverte i ein overgrepsring som held barn i fangeleirar, utnyttar dei seksuelt og haustar eit stoff frå hjernen deira.

– QAnon hadde utspring i nettforum som 4chan og 8chan, der mellom andre den norske terroristen Philip Manshaus fann inspirasjon?

– Det sprang ut av chan-kulturen, og desse foruma har spela ei rolle i å spreie ideane. Men dette universet er under stadig utvikling og inkorporerer omtrent det som er av andre konspirasjonsteoriar.

– Det er mykje fantasifullt i dette universet: Angela Merkel er barnebarn til Adolf Hitler, og 5G-nettet spreier koronavirus.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement