– Eg kjenner ikkje att den personen eg ser i spegelen, sa far min.
Han var komen godt oppi åra då han røpa at han sleit med å identifiserte seg med denne eldre utgåva av seg sjølv. Inni seg kjende han seg som den han «alltid hadde vore», sa han, og presiserte at han ikkje ville bli kalla gammal.
– Men det er då det du er, reint objektivt, per definisjon, sa eg, den 40 år yngre dottera, og la til at det ikkje er noko gale i å vere gammal eller eldre, det er berre eit faktum som alderen stadfestar.
Nyleg vart eg utsett for eit liknande «kompliment» frå ein ung mann i familien.
– Før såg du ut som om du var fleire år yngre enn det du var, men no er du heilt «i synk» med alderen din – og vel så det.
Og vel så det, du?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.