Akutt løysing, varig problem

Regjeringa vil opne porten for enkelte barn og familiar frå dei overfolka greske leirane, om andre land går føre. – Hovudbiletet i Europa er at ein framleis søkjer felles løysingar på flyktningpolitikken, utan å få det til, seier Jan-Paul Brekke.

Moria-leiren på den greske øya Lesbos er overfolka, og no går debatten i Europa om korleis barna kan bli flytta derifrå. Foto: AP Photo/Aggelos Barai/NTB scanpix
Moria-leiren på den greske øya Lesbos er overfolka, og no går debatten i Europa om korleis barna kan bli flytta derifrå. Foto: AP Photo/Aggelos Barai/NTB scanpix

Etter ein politisk dragkamp blei det tysdag klart at regjeringspartia vil hente sårbare barn og familiar frå dei overfolka leirane i Hellas. Det er uklart når og kor mange regjeringa vil ta imot. Ein føreset at åtte til ti andre europeiske land hentar folk frå leirane fyrst, derfor er det òg uklart om Noreg vil ta imot barn og familiar i det heile.

Høgkommissæren for flyktningar i FN har kalla forholda i dei greske leirane skamfulle og sjokkerande, og mange har sterke meiningar om kva som er rett å gjere med dei. Jan-Paul Brekke er ein av dei som faktisk forskar på mellom anna migrasjon frå Tyrkia til Hellas.

– Fyrst, kva veit vi om barna som bur i leirar som Moria i dag?

– Dei er ein samansatt gruppe på den måten at ein del av dei har reist på eiga hand, og ein del i familiar. Dei har ulike omsorgssituasjonar. Vi kjenner òg landbakgrunnen deira. Dei einslege mindreårige er i hovudsak frå Afghanistan. Når det gjeld dei andre som bur der, er mange syrarar og afghanarar som kom til Hellas i år. Ein del barnefamiliar er syriske. Det folk er samde om, er at forholda er utfordrande. Det er inga løysing å vere i desse leirane, men ein har ikkje funne ut kva ein kan gjere. Det er klart at det ikkje er gode forhold for barn å leve i.

– Kva ansvar har Noreg for å hente barn og familiar frå dei overfolka leirane i Hellas?

– Noreg har ikkje noko formelt ansvar og er ikkje pålagt å hente nokon. Vi har fått ei oppmoding frå greske styresmakter og humanitære organisasjonar, men vi er ikkje forplikta. Så der er det ein diskusjon om vi har eit moralsk ansvar som europeisk land for å lette trykket i andre land. I dette spørsmålet er det delte meiningar blant både politikarar og folk flest.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement