JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Akutt løysing, varig problem

Regjeringa vil opne porten for enkelte barn og familiar frå dei overfolka greske leirane, om andre land går føre. – Hovudbiletet i Europa er at ein framleis søkjer felles løysingar på flyktningpolitikken, utan å få det til, seier Jan-Paul Brekke.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Moria-leiren på den greske øya Lesbos er overfolka, og no går debatten i Europa om korleis barna kan bli flytta derifrå. Foto: AP Photo/Aggelos Barai/NTB scanpix

5247
20200529

SAMTALEN

Jan-Paul Brekke

Forskar på flukt, migrasjon og integrering

AKTUELT

Moria-saka

christiane@dagogtid.no

Etter ein politisk dragkamp blei det tysdag klart at regjeringspartia vil hente sårbare barn og familiar frå dei overfolka leirane i Hellas. Det er uklart når og kor mange regjeringa vil ta imot. Ein føreset at åtte til ti andre europeiske land hentar folk frå leirane fyrst, derfor er det òg uklart om Noreg vil ta imot barn og familiar i det heile.

Høgkommissæren for flyktningar i FN har kalla forholda i dei greske leirane skamfulle og sjokkerande, og mange har sterke meiningar om kva som er rett å gjere med dei. Jan-Paul Brekke er ein av dei som faktisk forskar på mellom anna migrasjon frå Tyrkia til Hellas.

– Fyrst, kva veit vi om barna som bur i leirar som Moria i dag?

– Dei er ein samansatt gruppe på den måten at ein del av dei har reist på eiga hand, og ein del i familiar. Dei har ulike omsorgssituasjonar. Vi kjenner òg landbakgrunnen deira. Dei einslege mindreårige er i hovudsak frå Afghanistan. Når det gjeld dei andre som bur der, er mange syrarar og afghanarar som kom til Hellas i år. Ein del barnefamiliar er syriske. Det folk er samde om, er at forholda er utfordrande. Det er inga løysing å vere i desse leirane, men ein har ikkje funne ut kva ein kan gjere. Det er klart at det ikkje er gode forhold for barn å leve i.

– Kva ansvar har Noreg for å hente barn og familiar frå dei overfolka leirane i Hellas?

– Noreg har ikkje noko formelt ansvar og er ikkje pålagt å hente nokon. Vi har fått ei oppmoding frå greske styresmakter og humanitære organisasjonar, men vi er ikkje forplikta. Så der er det ein diskusjon om vi har eit moralsk ansvar som europeisk land for å lette trykket i andre land. I dette spørsmålet er det delte meiningar blant både politikarar og folk flest.

– Ein snakkar om å relokalisere dei som bur i leirane. Kva inneber omgrepet relokalisere i denne samanhengen?

– Det skil seg frå gjenbusetting, som gjeld kvoteflyktningar som har fått etablert eit tryggingsbehov og dermed har fått eit stempel som flyktning allereie. Desse blir flytta og busette i norske kommunar. Dei som blir relokaliserte, har ikkje fått asylsaka si handsama og er ikkje anerkjende som flyktningar. Dei vil gå same vegen som andre asylsøkjarar, via asylmottak. Ein vil prøve å få avklart statusen så raskt som mogleg. I førre runde med relokalisering i Europa var Noreg nøye med å hente folk som kom frå land som gjer det sannsynleg at dei får opphald. Syrarar vil vere ei gruppe Noreg vil kunne hente. I tillegg vil einslege mindreårige kunne komme inn, men det er ei gruppe norske styresmakter har strevd med å finne gode løysingar for tidlegare.

– I 2016 og 2017 tok Noreg imot 1500 asylsøkjarar frå Italia og Hellas for å avlaste landa. Korleis gjekk det?

– I etterkant av flyktningkrisa i 2015 var fleire land involverte i ein avtale. I praksis viste det seg vanskeleg å gjennomføre relokaliseringa. Noreg ytte ein stor innsats ved å ha folk på plass i Italia og Hellas. Dei fikk folk ut, og Noreg enda opp som eit av få land som fylte kvoten sin.

– Og korleis skil situasjonen i dag seg frå den for nokre år sidan?

– Når ein i dag snakkar om ei felleseuropeisk løysing, er det snakk om å løyse eit akutt humanitært behov. Dette løyser ikkje problemet med at folk kjem til Hellas og ikkje kjem seg vidare. Og Hellas har inntil vidare avgrensa kapasitet til å finne varige løysingar.

– Eitt argument mot å hente personar frå leirane til Noreg er at menneske då vil halde fram med å risikere livet på farefull flukt frå heimlandet. Er det slik at dei elendige forholda i leirane i dag får folk til å bli der dei er?

– Det er vanskeleg å seie og slå fast i tal, men det er ein tanke mellom europeiske politikarar at leirane kan ha verka avskrekkande. Samstundes ønskjer ein ikkje at leirane skal ha så dårlege forhold som dei har no. Slik er det politiske dobbeltspelet. No er tala på dei som kjem til Hellas, låge generelt, men det Tyrkia gjer, kan vere like viktig som korleis det er i leirane.

–Noreg har som vilkår at åtte–ti andre land må hente ut folk frå leirane før Noreg gjer det. Kva kan vere bakgrunnen for dette kravet?

– Sett frå utsida verkar det som Høgre måtte ha dette på plass for å gå med på avtalen. Kva som har skjedd på bakrommet, veit eg ikkje, men for Høgre var nok dette ei minimumsløysing for at ein framleis kunne snakke om det som ei felleseuropeisk løysing.

– Korleis vil du kort skildre migrasjons- og flyktningsituasjonen i verda akkurat no?

– Det er registrert eit høgt tal på flyktningar i verda. Hovudbiletet er at dei fleste er i nærområda dei har flykta frå. Nokre dreg lenger, og nokre hamnar i til dømes Tyrkia eller Jordan i fleire år. Hovudbiletet i Europa er at ein framleis søkjer felles løysingar på flyktningpolitikken utan å få det heilt til. Noreg avventar denne prosessen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Syrarar vil vere ei gruppe Noreg vil kunne hente, i tillegg til einslege mindreårige.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis