Afghanske kulissar

Vi tok ikkje inn over oss den fulle djupna av problema i den afghanske staten, seier Espen Barth Eide.

Daverande forsvarsminister Espen Barth Eide (til venstre) saman med daverande forsvarssjef Harald Sunde og general Noor Mohammad Hamid i Camp Maimanah i Faryab-provinsen. Norske styrkar skulle sikre tryggleiken i Faryab frå 2005 til 2012.
Daverande forsvarsminister Espen Barth Eide (til venstre) saman med daverande forsvarssjef Harald Sunde og general Noor Mohammad Hamid i Camp Maimanah i Faryab-provinsen. Norske styrkar skulle sikre tryggleiken i Faryab frå 2005 til 2012.
Publisert

Den 15. august inntok Taliban hovudstaden Kabul i Afghanistan, nesten 20 år etter at Nato jaga rørsla frå makta. Espen Barth Eide (Ap) var forsvarsminister og utanriksminister i den siste Stoltenberg-regjeringa, og er i dag stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet.

– Kva var dei første tankane dine da du fekk høyre at den afghanske hæren kollapsa, og Taliban rykte inn i Kabul?

– Som alle andre vart eg overraska over at samanbrotet kom så fort. Det var ikkje eigentleg ein militær siger for Taliban, meir ein psykologisk siger og eit resultat av effektiv alliansebygging.

– Det er bygd opp eit stort etterretningsapparat i Afghanistan. Korleis kunne den lynraske erobringa kome som ei overrasking?

– Når Taliban lukkast så godt, var det mest på grunn av veikskapane til staten. Oppgåva for etterretninga i landet var å kartleggje fienden, ikkje å vurdere motstandsevna til staten. Og den afghanske hæren viste seg som ein Potemkin-kulisse. I prinsippet var dette ein godt trent og utsrusta hær. Men i militær teori heiter det at den militære slagkrafta er viljen gonga med evna. Om det er null vilje til å kjempe, blir òg slagkrafta null.

– Du har besøkt Afghanistan mange gonger, som statssekretær, forsvarsminister og utanriksminister. Kva inntrykk fekk du av dei afghanske styrkane?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement