JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Aborttala stig også med dagens lov

Motstandarar av sjølvbestemt abort fram til veke 18 fryktar at omsynet til fosteret skal svekkjast. Abortstatistikken kan tyde på at det alt er i ferd med å skje.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
7906
20240119

Abortutvalet tilrår

* å vrake heile dagens abortlov og erstatte han med ein ny

* å utvide grensa for sjølvbestemt abort frå veke 12 til veke 18 av svangerskapet

* å avvikle dagens abortnemnder og erstatte dei med eit nytt nemndsystem som skal ta avgjerder om abort etter 18. svangerskapsveke og avgjerder om såkalla fostertalsreduksjon

Abort

eva@dagogtid.no

Det kan gå mot eit nytt storslag om abort. Den klare tilrådinga frå abortutvalet om å utvide grensa for sjølvbestemt abort frå veke 12 til veke 18 av svangerskapet, er nemleg langt frå klar politisk.

Berre Ap, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne har programfesta ei slik utviding. SV og Raudt vil gå lenger og ha sjølvbestemt abort til fosteret er levedyktig eller til veke 22, Frp tek ikkje stilling til abortgrensa og har fristilt politikarane sine i spørsmålet, medan Høgre og Sp vil halde på dagens 12-vekersgrense.

KrF, på si side, vil ha ein lov som vektlegg fosterets rett til liv tyngre enn i dag. I eit innlegg i Dag og Tid førre veke skreiv KrF-leiar Olaug Bollestad at ei utviding av abortgrensa vil tone ned verdien til fosteret og bidra til mindre aksept for det som er annleis. Nett det var òg blant argumenta til dei to medlemmene av abortutvalet som tok dissens mot tilrådinga om å utvide grensa for sjølvbestemt abort.

Ser vi på statistikken, ser det derimot ut til at utviklinga KrF og dei to bak dissensen fryktar, alt er i gang.

Auke av abortar

Ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI) vart det i 2022 fødd færre barn med kromosomavvik enn i 2021. Nedgangen har skjedd samstundes som talet på svangerskap med påvist kromosomavvik aukar – noko som heng saman med at snittalderen blant gravide er stigande.

Liv Cecilie Vestrheim Thomsen, som er overlege ved Medisinsk fødselsregister ved FHI, seier at ein større del av svangerskapa over 12. veke der det vart funne kromosomavvik, vart avslutta i 2022, jamført med i 2021.

Samstundes syner registreringane i Abortregisteret at det samla talet på abortar i Noreg byrja å stige i 2022, etter å ha vore i jamn nedgang sidan 2008. Det er ein auke blant gravide i alle aldersgrupper og i abortar både før og etter veke 12. Men det er relativt størst auke i talet på abortar gjennomførte etter svangerskapsveke 12.

Kva auken kjem av, har ikkje Folkehelseinstituttet nok data til å kunne trekkje slutningar om enno, ifølgje Thomsen. Aborttala for 2023 ligg heller ikkje føre enno, så det er for tidleg å seie om auken varar ved.

Det vi derimot veit, er at den utvida fosterdiagnostikken som gravide kvinner i Noreg har fått tilbod om etter endringane av Bioteknologilova i 2020, gjer det lettare å påvise kromosomavvik og enkelte misdanningar hjå foster tidlegare i svangerskapet enn før.

– Noko meiningsfullt

Samla sett er vi altså i ein situasjon der aborttala aukar, sjølv utan endringar i loven, og fleire svangerskap med påvist kromosomavvik vert avslutta etter veke 12, trass i at dagens lov ikkje tillèt sjølvbestemt abort etter veke 12.

Abortlovutvalet avdekte òg at abortnemndene som i dag avgjer søknader om abort frå veke 13, sjeldan gjev avslag på abort før 18. veke.

Kva vil då det å halde på veke 12 som abortgrense bidra til i praksis?

Morten Magelssen er fyrsteamanuensis ved Senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo og var ein av dei to i abortutvalet som tok dissens mot tilrådinga om å utvide grensa for sjølvbestemt abort. Han syner til at verdien av 12-vekersgrensa i dag fyrst og fremst ligg i det ho seier om synet på og verdien av ufødd liv.

– Aukar vi grensa til 18 veker, vil ikkje samfunnet på nokon som helst måte kunne leggje seg opp i at det vert teke abort ut frå tilstandar ved fosteret. Så kan vi sjølvsagt seie at kvinner tek kloke val baserte på ei heilskapleg vurdering av eigen situasjon. Men ved sjølvbestemte vedtak er det ingen ekstern aktør som syter for at omsynet til fosteret vert vekta inn, seier han.

– Vert omsynet til fosteret vekta inn i dag, slik du ser det?

– At nesten alle som bed om abort, i praksis får ja, kan sjåast som uttrykk for at nemnda ikkje utgjer nokon skilnad. Berre det at det er ei nemndbehandling, der ein må oppgje ein grunn til aborten, er etter mitt syn med på å ta omsyn til fosterets interesser. Då har det skjedd noko meiningsfullt også i tilfella som endar med klarsignal til abort, seier Magelssen.

Sjølv om abortnemndene har fått mykje kritikk, og fleire kvinner rapporterer at dei har opplevd møtet med nemndene som ubehagelege og som ei tilleggsbelasting, har nemndene dimed like fullt ein viktig funksjon, slik han ser det.

– Truleg er grensa abortførebyggjande i enkelte tilfelle.

Morten Magelssen, Universitetet i Oslo

Rom for tvil

– Abortutvalet skreiv at kvinner opplever maktforholdet mellom dei og abortnemndene som så skeivt at det avgrensar «rommet for tvil». Kan ikkje 12-vekersgrensa vere med på å påverke kvinner som er i tvil, til å ta abort, for å unngå å miste kontrollen?

– Jau, men her finst det alle moglege scenario. Det er òg dei som opplever press frå partnaren eller andre om å ta abort. For dei er 12-vekersgrensa og nemndene ein type vern, seier Magelssen.

– Men når dei fleste søknader om svangerskapsavbrot før veke 18 i dag får ja, kva bidreg 12-vekersgrensa til i praksis?

– Nemndene er så sterkt kritiserte at abortutvalet føreslår å erstatte dei med eit heilt nytt nemndsystem, som skal ta stilling til abort etter veke 18. I dissensen peikar vi på at det heller ikkje er gjeve at nemndene gjer rett i å innvilge så mange abortar. Når vi bør få eit nytt nemndsystem, bør vi heller ikkje leggje til grunn at nemndene gjer alt rett på dette punktet.

– Så du ønskjer ei innstramming?

– Eg stiller i alle fall spørsmål ved om det å innvilge nær alle abortsøknader fram til veke 18 er rett fasit. Det signaliserer jo at fosteret ikkje har vern dei fyrste 18 vekene.

– Er det ikkje juridisk problematisk å ha ei 12-vekersgrense utan særleg innverknad i praksis?

– Jau, og det er også juristane i abortutvalet tydelege på: Når høva til å bestemme sjølv vert avgrensa, må det ha ein funksjon og vere av ein god grunn. Så her er vi ved eit vektig argument mot 12-vekersgrensa. Samstundes veit vi ikkje kva effekt dagens grense har i å hindre abortsøknader mellom veke 12 og veke 18. Truleg er grensa abortførebyggjande i nokre tilfelle. Loven formar òg folks haldningar.

– Ikkje større endringar

Ifølgje Thomsen ved Folkehelseinstituttet ligg det enno ikkje føre nok data til å seie i kva grad det utvida tilbodet om fosterdiagnostikk, som vil seie tidleg ultralyd med tilleggsundersøkingar og den genetiske fostertesten NIPT, spelar inn på aborttala.

Magelssen ser det derimot som truleg at tilbodet medfører at fleire svangerskap med kromosomavvik vert avbrotne.

– Den utviklinga har vi sett frå Danmark, som innførte tilbod om tidleg ultralyd i 2004. Det gav utslag i aborttala alt året etter og har vara ved.

– Har det noko å seie for dette spørsmålet, om loven om sjølvbestemt abort no vert utvida?

– Her er nok sjølve diagnostikken det førande, men loven er òg viktig. Om vi som samfunn sterkt aukar tilbodet om fosterdiagnostikk kombinert med lovendring som inneber at fosteret er mindre verdt enn før, signaliserer vi at det er naturleg og rasjonelt å leite aktivt etter avvik og så velje å avbryte svangerskap når avvik vert påviste.

Magelssen trur likevel at tilrådinga frå abortutvalsfleirtalet om å utvide grensa for sjølvbestemt abort til veke 18, kjem til å gå gjennom i Stortinget, seier han.

– Kva trur du vert dei synlege konsekvensane av ei slik endring?

– Ei liberalisering kjem nok fyrst og fremst til å ha noko å seie i enkelttilfelle, ikkje gje større endringar i statistikken, seier han.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis