Å slanke seg sjuk

Ein av grunnane til at verda er så dårleg budd på koronakrisa, er eit styringsprinsipp frå japansk bilindustri. Da store varelager gjekk av moten, svekte det beredskapen.

Sjukepleiar Marte Rygh Selmer med smittevernutstyr på isolatposten på Ullevål universitetssjukehus. Lagera av slikt utstyr viste seg sørgjeleg små da koronaepidemien nådde Noreg.
Sjukepleiar Marte Rygh Selmer med smittevernutstyr på isolatposten på Ullevål universitetssjukehus. Lagera av slikt utstyr viste seg sørgjeleg små da koronaepidemien nådde Noreg.
Publisert

Store kriser får alltid fram veikskapar i samfunna dei råkar, og koronaepidemien har avslørt kor små dei norske lagera av smittevernutstyr og legemiddel er. Frå sjukehus og kommunar rundt i landet har det for lengst kome varselrop om mangel på mellom anna munnbind, andedragsvern, hanskar og frakkar, og i verste fall kan mangelen setje helsepersonell i fare.

Helsedirektoratet ville i førre veke ikkje fortelje NRK eller VG korleis det stod til med lagera av smittevernutstyr på landsbasis – for ikkje å vekkje uro, vart det sagt. Det tyder ikkje på at det står bra til. Noreg har ikkje hatt noko større, nasjonalt beredskapslager for smittevernutstyr. Både sjukehus og kommunar har nøgd seg med varer nok til nokre veker eller eit par månader med normalt forbruk. Og no er ingenting normalt lenger.

Dag til dag

Det norske helsevesenet ser ut til å ha vore svært påhaldne i innkjøpa av smittevernutstyr, og berre så vidt dekt dei daglege behova. «Selv uten coronavirus i Norge har vi vært i en situasjon hvor vi har vært engstelige for at vi ikke skulle ha tilstrekkelige åndedrettsvern, altså beskyttelse mot virus eller bakterier man puster inn, for våre vanlige tuberkulosepasienter for eksempel», sa overlege Arne Borch Brantsæter til VG 26. februar.

I tillegg til mangelen på smittevernutstyr fryktar mange no at koronakrisa skal føre til mangel på livsviktige legemiddel, fordi forsyningslinene frå dei store produsentlanda er påverka. Legemiddelverket fortalde sist veke at det er fare for å gå tom for somme medisinar i løpet av veker om ikkje forsyningssituasjonen endrar seg. «Legemiddelberedskapen er i ferd med å trappes opp», sa direktør Audun Hågå i Legemiddelverket til VG 24. mars. Men når ordet «beredskap» blir brukt om eit skippertak når krisa alt er her, har ordet mista meininga si. Også ei rekkje andre land har vist seg svært dårleg rusta for ein pandemi. Korleis kom vi hit?

Fragmentert

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement