Krig
Å selje ein krig
Krigen i Ukraina har gått inn i ein fase med lågare tempo, der krigshandlingane trekkjer i langdrag. Europa har vant seg til han, det har ikkje USA.
Mykola Gleba lagar eit nytt ukrainsk ikon med motorsag.
Foto via Living Heritage Events Cup
I USA skjønar dei at å venje seg til krig er ekstremt farleg. Difor, saman med Storbritannia, Noreg, Litauen og Polen, hjelper dei Ukraina aktivt med våpen. Dei ser det som eit middel til å få Russland snøggare til forhandlingsbordet.
Tyskland, Frankrike og Italia, på den andre sida, er redde for å styrkje Ukraina på denne måten. Dei reknar med at ved å saktne farten på våpensendingane til Ukraina, og helst avslå å hjelpe Ukraina med tyngre våpen, vil slutten på krigen kome raskare.
Dei ser ut til å meine at når Russland har okkupert alle dei ukrainske områda dei planla å ta over, vil det få all aggresjon til å ta slutt og bringe Ukraina til forhandlingsbordet, for så å plassere eit fait accompli framfor dei ukrainske leiarane: «Anten godtar de annekteringa av neste landområde, eller så held vi fram med å annektere meir.»
Russland har sin eigen plan, som omfattar øydelegginga av den staten som er kalla «Ukraina». Denne planen vart kunngjord i artikkelen «Kva Russland burde gjere med Ukraina», av den russiske politiske strategen Timofej Sergejtsev, offentleggjord av det statskontrollerte russiske nyheitsbyrået RIA Novosti 3. april i år, fem veker etter at den russiske aggresjonen byrja.
I Transkarpatia, eit område som har vore lite påverka av krigen til no, om ein ser vekk frå flaumen av internt fordrivne flyktningar, er programmet for «gateverving» sett i verk. Folk som driv med militær rekruttering, har byrja vitje hotell, mindre overnattingsstader og i det heile teke stader der interne flyktningar held til.
Utsendingane frå militæret skriv ut innkallingsordrar på staden til menn i rett alder og ber dei dra til næraste rekrutteringskontor og fullføre registreringa til militærteneste. Om ein er registrert på denne måten, vil ikkje det nødvendigvis seie at ein vert innrullert i armeen og send til fronten, men ein er eit steg nærare at det kan skje.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.