A-lag og B-lag i Bonde-Noreg

Bønder tener svært godt, eller særs dårleg, alt etter kven ein spør.

Kyr på beite på Kvitheim på Voss, 20. mai 2017.
Kyr på beite på Kvitheim på Voss, 20. mai 2017.
Publisert

I samfunnsøkonomien lærer ein at inntekt er ein funksjon av produktivitet: Di meir produktiv du er, di høgre inntekt får du. Kva er så produktivitet ein funksjon av? I hovudsak intelligens; di høgre IQ du har, di høgre inntekt får du. Ulempa med dette er sjølvsagt at di lægre IQ du har, di lægre inntekt får du. Gjeve at desse påstandane er sanne, er norske bønder særs intelligente. Dei ligg nemleg heilt i inntektstoppen i Noreg, skal vi tru Statistisk sentralbyrå (SSB). I 2015 tente norske bønder i gjennomsnitt 642.300 kroner i året. Det er vel 120.000 meir enn gjennomsnittet for heiltidstilsette i Noreg elles. Det er ikkje til å koma forbi: Norske bønder spelar ikkje tennis, men dei er både intelligente og godt lønte.

Om bønder les denne teksta, har dei alt no rekt opp handa. Dei vil hevda at fyrste avsnitt er prega av grove feil. Dei vil seia at ingen andre yrkesgrupper må svara for inntekter dei har utanom den vanlege jobben, og at den offisielle lønsstatistikken elles handlar om kva ein tener på ein vanleg heiltidsjobb. Og ja, det er rett, bonden vert telt både ein og to og tre gonger. Er han lærar, tel han som lærar i lønsstatistikken, brøytar han snø for kommunen, tel han som tilsett i teknisk etat, og arbeidar han skift i Nordsjøen og får kona til å fôra oksane, tel han som arbeidar i oljeindustrien. Så nei, det er ikkje heilt rimeleg å kalla bønder ei høginntektsgruppe, sjølv om bønder altså tener godt.

SSB nyanserer

SSB er då også klar over at statistikken kan verka urimeleg. Difor har dei brote inntekta til bøndene ned i fleire underkategoriar for å nyansera biletet. Den største inntekta hentar bøndene utanom garden gjennom vanleg lønsarbeid. Bønder hadde i 2015 ei brutto lønnsinntekt på 263.700. Næringsinntekta frå jordbruk var på si side 191.600. Andre næringsinntekter var på 73.300. Pensjon – ein del bønder held fram med å drive gard etter at dei har nådd pensjonsalderen – var på 52.400, og på toppen kom kapitalinntekter på 61.300. Til saman vert dette altså 642.300 kroner.

Men heller ikkje 191.600 er eit heilt rett og dekkjande tal. For det er ikkje til å koma forbi at ein del bønder har garden meir som hobby enn som inntektsskapar. 30 prosent, og dette er nokså stabile tal år for år, har ikkje positiv næringsinntekt i det heile. Og nei, dei negative inntektene handlar ikkje om det såkalla jordbruksfrådraget som bønder får, og vi snakkar heller ikkje om renter på lån. SSBs statistikk for næringsinntekt tek ikkje med anna enn reine utgifter og avskrivingar, altså slikt som kunstgjødsel, kraftfôr og verdireduksjon på realkapital, men altså ikkje renter på lån eller særmerkte skattefrådrag. Det er altså slik at ein tredjedel av norske bønder har høgre utgifter enn det dei har i inntekter frå garden. Når du ser ein velhalden korngard på Austlandet, kan du trygt rekna med at bonden sponsar vedlikehaldet med inntekter frå utanom garden.

273.000 før frådrag

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement