JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Å kutte hovud og hale

Noreg treng 75.000 sjukepleiarar dei neste åra for å handtere eldrebølgja. Då må sjukepleiarstudentane ha praksisplassar å gå til.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I 2030 kan Noreg mangle minst 75.000 sjukepleiarar, viser tal frå Samfunnsøkonomisk analyse.

Foto: Eirill Wiik / NTB scanpix

3130
20180803
3130
20180803

– Dersom du legg ned akuttfunksjonane i Volda, så kjem eg til å springe etter deg til du druknar i fotsveitte!

Komifiguren og ferjebillettøren Kjell «Kjellen» Bigset bannar og klaskar telefonen i bakken så han går i knas og bitane flyg bortover asfalten. Han har «personleg» ringt helseminister Bent Høie, dåverande helse- og omsorgsminister.

Dette var i 2015, då Helse- og omsorgsdepartementet la fram å stenge akuttfunksjonane på fleire lokalsjukehus i landet. 10.000 gjekk i fakkeltog for sjukehuset i Volda den gongen.

I 2018 sit eg i Oslo og sveittar i sommarvarmen og googlar sjukehuset i Volda. Sist eg var innom sjukehuset, hadde syster mi fått barn nummer tre. Eg har blitt trilla inn dit i rullestol med hòl i hovudet og bandasjerte kne, etter å ha stupt ufrivillig og ugrasiøst frå ei brygge og ned i steinane, på krabbeagnfiske saman med den same systera. Og på dette sjukehuset vart eg fødd.

Akuttfunksjonane i Volda er i bruk endå, men sidan 2005 er sju lokalsjukehus i Noreg lagde ned. Og om ikkje mange år vil Noreg mangle 75.000 sjukepleiarar, melder NRK denne veka. Sjølv om sjukepleiarstudentane står i lange køar for å kome gjennom nålauget, hjelper det ikkje. For praksisperiodane utgjer halve utdanninga, og det finst ikkje nok praksisplassar til alle. Då hjelper heller ikkje dei 100 studieplassane regjeringa har utvida sjukepleiarstudiet ulike stader i landet med. Det går ikkje raskt nok. Og ein del av grunnen til sjukepleiarmangelen, meiner studentrådsleiar ved VID vitenskapelige høgskole, Martin Wichstad, er nedlegginga av lokalsjukehusa.

– Det er ikkje bra for utdanninga at desentraliserte sjukehus vert nedlagde. Dei kunne stått for mange arbeidsplassar, seier han til NRK.

Regjeringa vil heller ikkje løyve meir pengar til nye studieplassar før dei kan vere sikre på at det finst nok praksisplassar, seier Rebekka Borsch, statssekretær i kunnskapsdepartementet.

Med den nye sjukehusplanen skulle «nedleggingsspøkelset» vere borte, sa Bent Høie i 2017. Men sjølv om sjukehusa får stå, har talet på sjukehussenger blitt redusert med 50 prosent dei siste 30 åra. Nedleggingsspøkelset er kanskje stogga, men ikkje nedbyggingsskrømtet.

– Vi må stole på fagfolka når dei seier at nedbygginga har gått for langt, sa helsepolitisk talsperson i Sp, Kjersti Toppe, til VG tidlegare i år.

Er det då slik at ein sårt treng meir arbeidskraft, men lèt vere å leggje til rette arbeidsplassane som trengst for å utdanne og sysselsetje arbeidskrafta? Vi har til dømes 955 ulike institusjonar med sjukeheimsplassar, og det er òg her ein finn flest hjelpetrengande eldre. Kan ein del av praksisen gjennomførast i helseføretak som ikkje er sjukehus?

Det grå skiftet – eldrebølgja – kjem. Om vi ikkje kan utdanne og sysselsetje fleire sjukepleiarar, vil dei eldre lide for det. Dei sjukepleiarane vi alt har, vil òg lide. For då vert det dei, og ikkje Høie, som druknar i fotsveitte.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Nedleggingsspøkelset er kanskje stogga, men ikkje nedbyggingsskrømtet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis