Å hevde retten sin

Sjølv om den frie rettshjelpa har fått eit løft, treng ho ei reform, meiner Cathrine Moksness i Rettssenteret.

I dag får du rettshjelp om du tener mindre enn 350.000 eller 540.000 som par.
I dag får du rettshjelp om du tener mindre enn 350.000 eller 540.000 som par.
Publisert Sist oppdatert

Sjå føre deg at du lid av ein kronisk sjukdom som gjer at du ikkje kan arbeide. Etter mangeårig konflikt med Nav blir du nekta uføretrygd. Saka vart så komplisert at du engasjerte advokat. Sjølv om inntekta di er låg, er ho likevel for høg til at du får dekt advokatutgiftene frå staten. Sjølv meiner advokaten din at du har krav på uføretrygd, og at du bør ta saka vidare til domstolane. Om du ikkje gjer det, får du ikkje dei ytingane du kan ha krav på. Men om du går til sak og taper, er du endå dårlegare stilt enn før.

Det er ein grunnstein i rettsstaten at borgarane har tilgang til rettssystemet. Styresmaktene er forplikta til å syte for det. Og skal vi tru studiar, er alt som det skal vere. I november 2023 kom vi på andreplass på Rule of Law-indeksen (Danmark er på topp). Lista byggjer på svar på meiningsmålingar frå innbyggjarar i over 40 land. Ifølgje målinga meiner vi at dommarane i Noreg er ikkje korrupte. Forvaltninga vår er open og gjennomsiktig, og straffesakshandsaminga er rettferdig. Jamt over ser vi på domstolane som kompetente og uavhengige.

Likevel er det komplekst å finne fram i regeljungelen, særleg i forvaltninga. Ofte treng folk advokathjelp i klageprosessen. Endar saka i retten, blir det fort dyrt. Ifølgje tal frå rapporten «Den tredje statsmakt» frå 2020, levert av Domstolskommisjonen, var gjennomsnittlege sakskostnader 270.000 2019-kroner i forvaltningssaker. Med prisstigninga dei siste åra er det ingen grunn til å tru at det har vorte billigare. Kor god er då tilgangen til domstolane, for vanlege folk?

Indeksregulering

Rettshjelpsordninga skal bøte på kostnadsproblemet. Fri rettshjelp inneber at staten tek advokatutgiftene, fullt ut eller delvis, avhengig av sakstype. Nokre saker gjev automatisk rett på hjelp, fordi saka har store konsekvensar for den det gjeld. I andre saker er det inntekta som avgjer om du får rettshjelp. Juristar har lenge peikt på at ordninga er for snever, og at inntektsgrensene er for låge.

I dag får du fri rettshjelp berre om du tener mindre enn 350.000 kroner, eller 540.000 for par. Sjølv om dette er eit løft samanlikna med 2021, har fleire juristar peikt på at auken vart eten opp av inflasjon.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement