Å fyre oppunderSibirkulda trugar, straumrekningane går i vêret og vedlagera minkar.Eg rundar eit hushjørne på veg frå jobb og får ein vegg av flygande rimfrost i andletet. Eg står og skakar eit par sekund før eg vert flau på vegner av sunnmøringen i meg. E
Sibirkulda trugar, straumrekningane går i vêret og vedlagera minkar.
I den såkalla sibirkulda går medborgarane mine framleis rundt som då den fyrste snøen kom – i joggesko og med nakne okler.
Illustrasjonsfoto: Tore Meek / NTB scanpix
Eg rundar eit hushjørne på veg frå jobb og får ein vegg av flygande rimfrost i andletet. Eg står og skakar eit par sekund før eg vert flau på vegner av sunnmøringen i meg. Eg skal jo vere dotterdotter av ein selskipper, og van med horisontale sluddbyer. Dette held ikkje; eg gryntar, lèt den fotside vinterkåpa flagre og går vidare. Nyhenda skrik om «sibirkulde», men i Sibir er det 20 minus. I Antarktis er det 40. Her er det skarve ni kuldegrader, og medborgarane mine vasar rundt med nakne okler og joggesko.
Men hoppet i straumprisane vert stadfesta av rekninga eg får tilsendt bilete av frå huskameraten på SMS. Heime er bygarden så gammal at han framleis har det som ein gong var fellestoalett på trappeavsatsane. På kjøkenet trekkjer eit skap, som viser seg å vere eit tidlegare spiskammer i eit hjørne opp under det høge taket, inn luft som eit ope vindauge. Huskameraten har dagen før sett liv og helse på spel, i berre sokkelesten på det vaklevorne kjøkenbordet, for å få stappa inn dekorputene mine som isolasjon. Romet er no berre passe kaldt. Og med straumrekninga friskt i minne, varmar eg opp fingrane på den godt attknytte vedsekken, stappar avispapir inn mellom vedkubbane i peisen og trykkjer ned lighterknappen.
Men kva er det som gjer at eg må ut med ein tusenlapp for å få dekt min halvdel av straumrekninga, tenkjer eg. Straumprisen er om lag dobla sidan 2016. Trekkjer det no puteisolerte skapet ut så mykje varme?
Hovudårsaka til auken i straumprisen er at det norske straumnettet er kopla til det europeiske, der prisen er høgare enn i Noreg. Ikkje berre det kalde vêret, meiner sjefsredaktør Gunnar Stavrum i Nettavisen. Norske kraftverk sel straumen der dei får best betalt, og jo høgare straumprisen er, jo meir tener staten på elektrisitet- og meirverdiavgifter. Når Noreg så får lagt straumkablar til Tyskland og Storbritannia, vert dagens straumpris sett på som billeg, skriv han i spalta «Nett på sak». Ikkje nok med det, finn eg ut medan eg legg på ein vedkubbe til, det er framleis endå litt dyrare å fyre med ved enn den noverande straumprisen, ifølgje fyringskalkulatoren på nettstaden smartepenger.no.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.