Å bygge einsemd
Han er ikkje gammal, men nå har han blitt gammal. Eg ser det i eit gløtt av sanning da eg vinkar farvel. Far har hamna på gamleheimen.
Det var som å vinne i lotto da vi fekk leilegheita, og det heiter sjølvsagt ikkje gamleheim. Det er eit nybygd alderspalass og så flott at vi aldri høyrer om det i media. Han har ingen ting å klage på. Det er ikkje eingong ein innvandrar som kjem og smør han i lysken. Ei solid dølajente dusjar og steller og gjer ein langt betre jobb enn lønna skulle tilseie.
Eg har lenge tenkt at eg skulle skrive noko positivt om alderdom, eg har så mange gode venner over både åtti og nitti, dei er forfriskande selskap. Eg ville skrive om alderdomspotensialet. Men det var før eg hamna i ein runddans med våre ulike variantar av «bu–?og aktivitetssenter». Dei heiter gjerne det, gamleheimane av i dag. Nå skjønar eg at faktagrunnlaget mitt var skeivt: Eg har til nå møtt dei heldige, dei som ikkje har trunge særleg til støtteapparat. Verkelegheita for alle dei andre er brutal.
Kva tenkte dei?
Det skal ikkje skje meg, tenkjer du. Men da bør du sjå deg rundt på norsk byplanlegging og bygdestruktur. Finn fram til døma på nytenkjande arkitektur, med integrerte løysingar for alle fasar av livet. Eg skal love deg at du må leite. Ghettotenking er vårt rådande mantra. Du har tenkt å bu i nærleiken av barn og barnebarn og klare deg sjølv, seier du? Sjå deg rundt ein gong til. Du kjem til å få det travelt med å bygge og planlegge. Og sørg endeleg for å ha helsa i orden.
Kva tenkte sosialdemokratane som bygde dette landet? Hadde alle saman forjævlige foreldre som dei ville stue vekk og få andre til å stelle for? Og kva skjer når vi bli innhenta av aldersboomen for alvor?
Overlate til lønnsemd?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.