250 år under hælen til Kina
Uigurane har aldri hatt ein Dalai Lama til å tale saka si i verda.
Xinjiang er den største regionen i Kina, meir enn fire gonger så stor som Noreg, eit land av stepper, ørken og fjell, med kring 24 millionar innbyggarar. Det kinesiske namnet tyder «nytt territorium». Området kom under kinesisk kontroll under det ekspansive Qing-dynastiet på 1700-talet.
Nemninga uigur viser ikkje til eitt distinkt folk. Ordet stammar frå mellomkrigstida og er ei fellesnemning for fleire folkegrupper i Xinjiang som snakka ulike variantar av tyrkiske språk og hadde islam som religion. I 1930- og 1940-åra prøvde uigurar å opprette ein sjølvstendig republikk kalla Aust-Turkestan, med støtte frå Sovjetunionen, men Kina vann attende kontrollen.
Først etter revolusjonen i 1949 byrja kinesarane for alvor å kolonisere Xinjiang. Mange han-kinesarar flytta til regionen og endra demografien dramatisk. I 1949 utgjorde dei berre 8 prosent av folket i Xinjiang. I 2010 var han-kinesarane kring 40 prosent, medan uigurane utgjorde 45 prosent. Kasakhar er den tredje største folkegruppa. Undertrykkinga i regionen likna på situasjonen i Tibet, men fekk ikkje same internasjonale merksemd: Uigurane hadde ingen eksilleiar som Dalai Lama til å gjere saka si kjend.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.