Vi er alle republikanarar, men ingen gjer noko med det. Ein og annan bruser med fjørene og flaggar republikk av plikt, oftast når det hender noko konstitusjonelt, som at nokon i kongeriket gifter seg eller får barn. Men då rykteflaumen rasa som verst om Mette-Marit, var det også noko djupt bigott i den moralske kritikken. Ho måtte gå ein offentleg kanossagang på ein pressekonferanse, og som brur fekk ho si endelege tilgjeving gjennom talen til Gunnar Stålsett. Som i røynda atteroppretta den guddommelege orden over eit kongehus som etter rådande religion var innsett av Gud.
Dette skreiv eg her i februar 2004. Heilt uavhengig av dette er den noverande kongens fødselsdato, 21. februar, den einaste kongelege fødselsdatoen eg hugsar. No har kongen fylt åtti, og eg sluttar meg til gratulantane. I 1955 gav den svenske forfattaren Wilhelm Moberg ut boka Derför är jag republikan, eit sviande oppgjer med monarkiet som også kom på norsk, men sidan er gløymd, også i Sverige. Denne veka har den norske kongen og hans hus vorte borne på gullstol av folket. Med Ole Torps intervju-serie med alt frå Ole Paus til den norske kongekronikøren Tor Bomann-Larsen. Kopla til sterke portrett av ein konge som så usminka og medlevande har delteke like sterkt i glede som i sorg, hugs 22. juli, har det gjeve kongehuset ein posisjon som truleg er eineståande på kloden.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.