¿ Vil ha kvinnemakt i moskeen

Ubah Aden måtte skjule kva klan ho var fødd inn i, under borgarkrigen i Somalia. No vil ho ha klansystemet ut av Noregs største moské.

Ubah Aden er aktivist, bloggar, forfattar, lokalpolitikar og minoritetsrettleiar. Her er ho fotografert utanfor bustaden på Holmlia, der ho bur saman med tre barn i tenåra.
Ubah Aden er aktivist, bloggar, forfattar, lokalpolitikar og minoritetsrettleiar. Her er ho fotografert utanfor bustaden på Holmlia, der ho bur saman med tre barn i tenåra.

Den 13. august stod denne overskrifta i Aftenposten: «Kvinneopprør i den somaliske moskeen: – Vi er lei av å vaske og lage mat». Ei gruppe norsk-somaliske kvinner i hijab, sjal og fotside skjørt vart avbilda med bekymra eller kanskje irriterte miner utanfor ein somalisk moské på Grønland i Oslo. Nærmare bestemt utanfor Tawfiiq Islamisk Senter, som er den største enkeltståande moskeen i Noreg. Kvinnene uttrykte at dei var leie av å ta mykje av ansvaret for arbeidet i moskeen utan å verte representert i styret, som der det berre sit menn.

Det var noko forfriskande over hendinga. Ytterkantane i debatten om innvandring, islam og integrering tek for tida mykje plass i mediebiletet, toppa av Sian, som den siste tida har vore på ein slags koranskjendingsturné. Koranskjendinga har igjen trigga aggressive motdemonstrantar. Kvinnene utanfor moskeen peikte på eit vis nase til ytterkantane i debatten, sjølv om det var heilt utilsikta. I alle fall stilte dei seg, med hovudplagga sine og den harde kritikken av mennene i moskéstyret, i ein sjølvstendig posisjon i debatten om religion og integrering.

Avisoppslaget kom etter eit kaotisk møte i moskeen laurdagen før, eit ekstraordinært årsmøte med styreval, der ein del kvinner ikkje hadde kome seg inn for å røyste. Ei av kvinnene som uttala seg, var Ubah Aden. Og ho heldt fram å uttale seg i dagane som følgde, i ein kronikk i Klassekampen og i Dagsnytt 18-debatt med moskéforstandar Hakim Ismail, som avviser at kvinner har vorte stengde ute.

hersketeknikkar

Kven er denne kvinnesakskvinna som gir moskéleiinga så sterk motstand? Søkjer ein på Internett, finn ein ei kvinne som deltek i sosiale medium på norsk, engelsk og somali. Ein finn ein blogg og ei bok ho har skrive om kjønnslemlesting av somaliske kvinner. Ein finn spor etter ei lang rekkje ideelle verv knytte til integrering og likestilling. Ein finn ein CV med to mastergradar og ein varaplass for Arbeidarpartiet i Oslo bystyre.

– Dette er den tøffaste striden eg har vore i, seier Aden når eg ringjer ho for å avtale eit møte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement