JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Vi har kryssa grensa for kva som er forsvarleg

Psykiater Randi Rosenqvist meiner nedbygginga av sengeplassar i psykiatrien har gått altfor langt.
Og det er dei med alvorlege psykiske lidingar som har kome dårlegast ut.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3382
20211022
3382
20211022

peranders@dagogtid.no

– Reformene av psykiatrien og overgangen til poliklinisk behandling har vore bra for mange. Men dei som er aller sjukast, dei som ikkje er i stand til å bu for seg sjølv, har tapt, seier Randi Rosenqvist.

– Når det viser seg at somme pasientar fungerer verkeleg dårleg, har mange kommunar ingenting å møte dei med. Det har vore ei ideologisk overtyding om at det beste er å bu for seg sjølv, men det stemmer ikkje for alle. Eg mistenkjer at dei som har lagt planane i departementa, ikkje eigentleg skjøner kor sjuk det går an å vere. Og eg trur òg det har spela ei rolle for politikarane at poliklinisk behandling er billegare enn innlegging.

Økonomiske omsyn påverkar òg avgjerdene til helseføretaka på dette feltet, meiner Rosenqvist.

– Dei vil selje dei gamle psykiatriske sjukehusa for å finansiere nye somatiske sjukehus. Helseføretaka har jo ganske stor sjølvråderett. Men det å avvikle dei psykiatriske sjukehusa har aldri vore handsama i noka stortingsmelding.

– Langtidspsykiatrien er nesten utradert sidan 1990, og vi har kryssa grensa for kva som er forsvarleg. Eg skulle ønskje at dei som arbeider i psykiatrien, var flinkare til å seie frå. Men det er veldig lite rom for helsepersonell til å seie korleis ting verkeleg er.

Går ikkje opp

Rettspsykiatri har vore spesialfeltet til Rosenqvist gjennom mange år, og ho meiner mangelen på sengeplassar i psykiatrien no går på rettstryggleiken laus.

– Når det ikkje er sengeplassar tilgjengeleg, fører det til at veldig sjuke menneske får forvaringsdommar i staden for behandling. Dette er svært alvorleg, seier Rosenqvist.

– Som helseminister sa Bent Høie at han valde å lytte meir til pasientane enn til fagfolka. Men dei pasientane eg er oppteken av, var ikkje av dei som fekk snakke med Høie.

Sjølv om dei psykiatriske tryggingsavdelingane ikkje har vore gjennom like dramatiske kutt i sengeplassane som psykiatrien elles, har det vore nedskjeringar også der dei siste tiåra. I tillegg blir stadig fleire dømde til psykisk helsevern, og desse tek opp ein stor del av plassane på tryggingsavdelingane. Dette går ikkje opp, meiner Rosenqvist.

– Vi ser ein sterk auke i talet på folk som blir dømde til psykisk helsevern. Og det ville vore betre om desse hadde fått behandling før det kom så langt at dei utførte brotsverk.

God behandling

Dag og Tid bad om ein kommentar frå Bent Høie til denne saka. Men han er på veg inn i ny jobb som statsforvaltar, og takka nei fordi han vil unngå interessekonflikt med den nye rolla si. Vi har òg lagt fram kritikken frå Rosenqvist for Tone Trøen, helsepolitisk talsperson for Høgre og medlem av helse- og omsorgskomiteen. Ho svarte ikkje på nokon av spørsmåla frå Dag og Tid, men skriv dette på e-post:

«I dag vet vi mer om hva som er god behandling for mennesker med psykiske lidelser. For de aller fleste er det behandling i nærmiljøet, der de føler seg trygge og har venner og familie rundt seg. Det har derfor vært bred politisk enighet om å bygge opp tjenester som er nærmere pasientene.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg mistenkjer at dei som har lagt planane, ikkje eigentleg skjøner kor sjuk det går an å vere.

Randi Rosenqvist, psykiater

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis