JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Vi har hatt berøringsangst

Sarah Gaulin har følgt med på retorikken i islamistiske grupper på nett. Ho meiner vi må verte flinkare til å gi radikale haldningar motstand.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Ingar Sørensen

Foto: Ingar Sørensen

5455
20220701

Samtalen

Sarah Gaulin

leiar i LIM

Aktuelt

Islamistisk radikalisering

5455
20220701

Samtalen

Sarah Gaulin

leiar i LIM

Aktuelt

Islamistisk radikalisering

jesper@dagogtid.no

Natt til laurdag skaut ein 42 år gamal mann rundt seg utanfor ein utestad for skeive i Oslo sentrum og drap to menneske. I skrivande stund er motivet ikkje klart, men PST vurderer åtaket som ei ekstrem islamistisk terrorhandling. Sidan omstenda enno er uklåre, er ikkje hovudtemaet for dette intervjuet hendinga sist helg, men islamistisk radikalisering generelt.

Sarah Gaulin er leiar i organisasjonen LIM (Likestilling, integrering, mangfold) og Ap-politikar.

– Du skriv i ein kronikk i Nettavisen at dette var «en varslet terrorhendelse». Kva meiner du med det?

– I løpet av pandemien har eg sett ei radikalisering blant somme grupper i sosiale medium. Spesielt rett før pride vart det lagt ut ein del innlegg som var temmeleg aggressive mot homorørsla og pride. I tillegg las eg PSTs nasjonale tryggleiksvurdering i samband med ein debatt vi arrangerte i vår. Den norske tryggingsmakta var budd på at noko kunne skje. Anten frå høgreekstreme eller frå islamistar. Og dei har til felles at dei ikkje er glad i pridemarkeringar.

– Du har gått inn i islamistiske grupper på Facebook og andre sosiale medium. Kva har du sett?

– Somme av gruppene har fått fleire tusen medlemar på kort tid. Dei fleste eg ser, er ganske nyreligiøse eller har vorte radikaliserte den siste tida. Dei siste vekene har eg mellom anna lagt meg ut med Norsk Dawah. Begge dei to som står bak gruppa, er etnisk norske. Den eine har vore konvertitt i fleire år, medan den andre er relativ ny. Dei trugar med at om du syndar for mykje, kjem du til helvete. I tillegg finst det andre grupper der somme seier at dei vil innføre sharialovgiving. I éi gruppe er det til og med ein eigen imam som skal svare på shariaspørsmål. Han skal rettleie, samtale og utsende fatwaar.

– Framstår dei som vanlege Facebook-grupper?

– Ja, men dei har sjølvsagt ein heilt annan agenda. Om du er kritisk og tek eit oppgjer med haldningane der, vert du kasta ut. Det er ikkje rom for usemje. Ei jente skreiv om problem med kjærasten og spurde om råd. Då vart mange av kvinnene sinte og fortalde henne at ho hadde synda. Haldninga i desse gruppene er at ein må forlove seg og så gifte seg. Det er ikkje rom for å berre vere kjærastar. Det er ein praksis som ein kjenner frå land som Iran og Saudi-Arabia.

– Har pandemien hatt ein radikaliserande effekt på desse miljøa?

– For ekstremisme generelt har nok pandemien sørgd for ekstra grobotn. Med tips frå ungdomar som har reagert på innhaldet, har eg fått innsyn i somme av desse gruppene. Eg vart i utgangspunktet med på grunn av ei meiningsmåling om fleirkoneri som ei av veninnene mine såg og fortalde meg om. Heldigvis var eit fleirtal av kvinnene imot det, men svært mange støtta det. Somme fortalde vakre historier som om det skulle vere noko fantastisk. Før pandemien fanst det ikkje forum der ein såg slikt, slik ein gjer no.

– Korleis bidreg det til radikalisering i praksis?

– Mange av videoane som til dømes Norsk Dawah har delt, fortel om kor forferdeleg og forkasteleg det er å vere homofil. Somme viser til FHIs vurdering av apekoppviruset og meiner at viruset er ei straff frå Gud. Dette har også ungdomen byrja å dele. Ein av kameratane mine fortel at bestekompisen hans, som er fødd og oppvaksen i Noreg og har foreldre som er fødde her, eigentleg aldri var spesielt religiøs i ungdomstida. Han er vorten religiøs og radikalisert den siste tida.

– Korleis spreier desse folka bodskapen sin?

– Dei er aktive på fleire kanalar. Sambuaren min la til dømes merke til at dei driv med strøyming av gaming der dei pratar om islam. Elles er dei aktive på TikTok, på Instagram og Facebook – på stader der dei kan nå ut til sårbare menneske. På TikTok når ein ut til ei ung målgruppe, og i gamingverda er det mange som er einsame og difor lette å påverke. Høgreekstreme har tidlegare nytta strøymekanalar til rekruttering. Det same gjer no denne rørsla.

– Kva er det som må endre seg for å få bukt med dette?

– Sosiale medium gjer det vanskeleg å følgje med på alle kanalar, og det gjer at ting kan spreie seg raskt. Mykje får ein ikkje gjort noko med, det må politiet følgje med på. Men vi må gjere noko med haldningane som ligg bak. Mange av desse menneska er godt integrerte i Noreg. Dei har god jobb, god utdanning og alt det der, men dei har òg nokre haldningar som ikkje heng med i dette hundreåret. Eg er lei av å snakke om at vi treng betre integrering, når ein ser at det er haldningane som er problemet. Det er ganske skremmande. Når ein byrjar å seie at ein er ein del av Noreg på eitt område, men på andre ikkje, er vi i gang med å lage parallellsamfunn. Og då ekskluderer vi til sist muslimar frå dagleglivet vårt.

– Har vi ikkje teke dette trugsmålet alvorleg nok?

– Vi har vore flinke til å ta eit oppgjer med høgreekstreme ideologiar i Noreg. Det har vi ikkje når det gjeld islamistiske tankesett. Vi har hatt berøringsangst. Når dei seier at muslimar ikkje kan feire 17. mai, må vi seie at dette har ingenting med islam å gjere. Sentrale imamar må ta desse oppgjera. Det må kome innanfrå. Og så må vi ha fleire felles arenaer der vi kan rydde opp.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg er lei av å snakke om at vi treng betre integrering, når det er haldningane som er problemet.

Fleire artiklar

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

Helene Uri har doktorgrad i språkvitskap og arbeidde i tolv år ved Universitetet i Oslo før ho sa opp for å skrive på heiltid.

Foto: Julie Pike / Gyldendal

LitteraturKultur

Djupdykk i den digitaliserte litteraturen

Er det rett at kvinnelege forfattarar nyttar fleire adjektiv enn mannlege kollegaer? Eller superlativ? Kva med bannord? Kven er «Den norske Hemingway»?

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis