– Vi går i rett retning

Dei nye læreplanskissene for historiefaget har fått kritikk. Sten Ludvigsen, som er arkitekten bak fagfornyinga i skulen, meiner fornyinga går i rett retning.

Sten Ludvigsen meiner det er rimeleg at historiske enkelthendingar ikkje vert nemnde i læreplanane, men at det står kva tema som skal dekkjast i staden.
Sten Ludvigsen meiner det er rimeleg at historiske enkelthendingar ikkje vert nemnde i læreplanane, men at det står kva tema som skal dekkjast i staden.

Arbeidet med dei nye læreplanane i skulen nærmar seg ferdig. Neste veke skal dei eksterne faggruppene leggje fram sine endelege forslag for Utdanningsdirektoratet, etter å ha jobba seg gjennom til saman 7000 høyringsinnspel frå lærarar og utdanningsinstitusjonar sidan november. Dei tidlege skissene for samfunnsfag, historie, geografi og samfunnskunnskap vart kritiserte for å setje kompetansemål som var for generelle og overordna, og kutte for mykje i historisk stoff, slik Dag og Tid har skrive om tidlegare.

Professor ved det utdanningsvitskaplege fakultetet ved Universitetet i Oslo, Sten Ludvigsen, leidde utvalet som i 2015 tilrådde ei fagfornying i norsk skule. Han meiner fornyinga og læreplanprosessen ser ut til å gå i rett retning.

– Svært mange mål

Utvalet «Fremtidens skole» konkluderte med at nye læreplanar for faga bør ha færre kompetansemål. Tanken er at skulane skal ta større ansvar for å prioritere fagleg innhald, arbeidsmåtar og organisering og såleis kunne leggje til rette for meir spesialisering og djuplæring for elevane. Ludvigsen meiner det er viktigare å diskutere korleis elevane lærer i dei ulike faga, enn berre å diskutere innhaldet i faga.

– Det elevane skal lære, må ha eigenverdi og opplevast relevant. Men om dei ikkje opplever meistring og ei viss djupn i fag- og kunnskapsområda òg, tek vi frå dei sjansen til å orientere seg og delta i samfunnet.

– Meiner du dei ikkje klarar det i dag?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement